Til læreren

Barn og familie

Lærarrettleiing til film 3: Barn og familie

OBS Filmane er førebels utilgjengelege.

Rettar og plikter i ekteskapet

Juridisk rådgivning for kvinner (JURK) har publisert desse artiklane i Utrop: Om å skrive ektepakt (JURK) Om skilsmisseoppgjør (JURK) Om barnefordeling etter skilsmisse (JURK) IMDi har laga eit undervisningsopplegg om tvangsekteskap: Tvangsekteskap

Homofili

I Noreg skal alle ha like rettar, uavhengig av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. 1. januar 2009 tok felles ekteskapslov til å gjelde. Lova gir alle lesbiske og homofile rett til å gifte seg, uavhengig av seksuell orientering. Den norske kyrkja og andre trussamfunn har vigselsrett, men ikkje vigselsplikt. Meir om homofili, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk finn du på desse sidene: Regjeringen.no: seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk bufdir.no: Seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

Vald i nære relasjonar

Politiet har lansert ein informasjonskampanje og ei nettside om vald i nære relasjonar. Nettsidene er omsette til ni språk. Du finn sidene her: Hvorlite.no

Her kan du sjå spesialpsykolog Didrik Hægeland presentasjon av temaet vald i nære relasjonar som blei halden på etterutdanningskurs for tospråklege lærerar 7.-8. juni 2013, med tema “Vald i nære relasjonar”. Hægeland sitt foredrag om seksualisert vald kan du sjå her: Seksualisert vold – rettigheter og konsekvenser

(Hvis du ikke får opp filmen, må du skru på Flash. I Chrome gjør man det ved å trykke på i-en ved url-feltet og velge nettstedinnstillinger –> Flash –> Tillat)

JURK har publisert denne artikkelen om vald i nære relasjonar: Vold i nære relasjoner

På oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet harUDI utvikla informasjonsmateriell om den såkalla mishandlingsføresegna. Mishandlingsføresegna (utlendingslova § 53 første ledd bokstav b) skal sikre at offer for vald i nære relasjonar som er i Noreg i familieinnvandring med ektefelle eller sambuar, ikkje skal måtte velje mellom å reise ut av Noreg eller bli verande i ein valdeleg familierelasjon. Dei skal derfor få sjølvstendig opphald dersom dei søkjer om det. Fleire av søkjarane er utan nettverk, og vaksenopplæringssentera er ein av få stader der dei møter andre. UDI håper derfor at vaksenopplæringssentera kan vere interesserte i å bestille informasjonsmateriell, slik at personar i målgruppa kan få informasjon om mishandlingsføresegna.

Informasjonsmateriellet består av følgjande delar:

  • Ein plakat om mishandlingsføresegna, A4-format
  • Ein brosjyre om mishandlingsføresegna, A5-format (Brosjyren er retta både mot dei valdsutsette og hjelparane deira og inneheld ei oversikt over kva som skal til for å få løyve etter mishandlingsføresegna, kva utlendingslova legg i omgrepet mishandling, og kva andre løyve som finst.)
  • Eit lite flygeblad som er lett å ta med seg og gøyme bort, og som skal delast ut til personar i risikogruppene
  • Materiellet er tilgjengeleg på språka norsk, engelsk, arabisk, farsi, fransk, russisk, somali, filippinsk, thai, urdu, dari, sorani, tigrinja, spansk og portugisisk. Presentasjonane, flygeblada og brosjyrane finn du her: udi.no/vold

    Barnevernet

    Les artikkelen om barnevernet som Bente Fjell Holen har skrive i samarbeid med Kompetanse Noreg: Barnevernet Du kan lese mer om barnevernet på denne siden: barnevernet.no  Barneombudet  har også en egen temaside om barnevernet, den finner du her: barnevernet

    Bustader

    Les artikkelen «Bolig- og boforhold i Norge» som Farahnaz Rastegar har skrive i samarbeid med Kompetanse Norge: Bolig- og boforhold i Norge
    Finans Norge, Husbanken og NAV har utvikla ein digital simulator som viser korleis du kan styre økonomien på vegen til eigen bustad. Simulatoren finn du her: Sjef i eget liv
    Norsk brannvernforening har laga dette informasjonsmateriellet om brannsikker bustad: Brannsikker bolig Informasjonsmateriellet, som er omsett til 32 språk, finn du her.
    JURK har publisert denne artikkelen i Utrop: Om å skrive leiekontrakt

    Forbrukerrettar

    Forbrukarrådet har ei side med tips om forbrukarrettar. Tipsa finn du her: Forbrukartips