Til læreren

Demokrati og velferdssamfunn

Lærarrettleiing til film 7: Demokrati og velferdssamfunn

OBS Filmane er førebels utilgjengelege.

Det norske samfunnet, en beskrivelse

Samfunnskunnskapskonferansen 2012 heldt professor i sosialantropologi ved Universitetet i Oslo Halvard Vike eit foredrag om særeigne trekk ved det norske samfunnet, og om den norske/nordiske velferdsmodellen. Foredraget kan du sjå her: Det norske samfunnet, en beskrivelse

Dette er Norge 2016

Statistisk Sentralbyrå (SSB) har utgitt heftet “Dette er Norge 2016 – Hva tallene forteller”. Her finn du brukarvennleg statistikk om ei rekkje område av det norske samfunnet: Dette er Norge 2016

Kva er eit velferdssamfunn?

Statsminister Erna Solberg (Høgre) svarer i dette intervjuet på kva eit velferdssamfunn er. Intervjuet er frå desember 2011, då Solberg var stortingsrepresentant. Intervjuaren er TV 2-reporter Nils Gunnar Lie: Intervju med Erna Solberg

Stortinget

Stortinget har eigne sider som kan brukast i undervisning, og dei har eit eige område for vaksne innvandrarar. Her finn ein informasjon om kva Stortinget gjer, kven som er ein del av Stortinget i dag, og korleis ein som enkeltperson kan vere med på å påverke samfunnet. Alt dette finn du her: Info om Stortinget

Tre tips til undervisningsopplegg i 50 timar samfunnskunnskap

«Demokrati og velferdssamfunn» er eit av dei sju emna i pensumet på det 50 timar lange samfunnskunnskapskurset for innvandrarar som er omfatta av introduksjonslova. I denne artikkelen deler kurslærar Mauricio Sánchez nokre av erfaringane sine frå klasserommet, og han beskriv tre undervisningsopplegg som bidreg til å fremje variasjon og differensiering på samfunnskunnskapskurset. Målet er å bidra til ei meir praktisk og variert undervisning.

Tre tips til Undervisningstopplegg i 50 timer samfunnskunnskap