Ny innvandrar i Noreg
Utlendingar som ønskjer å busetje seg i Noreg, treng eit lovleg opphaldsgrunnlag for å få opphaldsløyve. Den typen opphaldsløyve ein har, utløyser ulike rettar og plikter. Alle må sjølv setje seg inn i kva for reglar som gjeld for dei. Alle som bur i Noreg, har plikt til å setje seg inn i landets lover og reglar. Ein har også plikt til å gje korrekt informasjon når det offentlege ber om det.