Ulike opphaldsgrunnlag
Det finst mange ulike typar opphaldsløyve for utlendingar i Noreg. Her er dei viktigaste:
- Rett til opphald i Noreg for EU/EØS/EFTA-borgarar:
Ein statsborgar frå eit EU/EØS/EFTA-land treng ikkje søkje om opphaldsløyve, men skal i staden registrere seg. Dette kan gjerast elektronisk på nett. Deretter må ein møte hjå politiet. - Opphaldsløyve som flyktning, på grunn av sterke menneskelege omsyn eller tilknyting til Noreg (humanitært grunnlag):
Ein person som er forfølgt eller utsett for fare i heimlandet sitt, kan søkje om vern (asyl) i Noreg. Ein vender seg personleg til politiet i Noreg for å søkje vern. Det er Utlendingsdirektoratet (UDI) som behandlar søknaden. Nokre flyktningar kjem direkte til Noreg gjennom FN-systemet. - Ein som har familie i Noreg eller som ønskjer å stifte familie med ein som bur her, kan søkje om familieinnvandringsløyve:
Det blir stilt nokre krav til den ein skal familiesameinast med. Han eller ho må blant anna ha ein bustad og vere i stand til å forsørgje familien sin. Søknaden skal som hovudregel leverast til ein norsk ambassade i utlandet. - Opphaldsløyve for arbeid:
Det finst ulike opphaldsløyve for utlendingar som ønskjer å arbeide i Noreg. - Ein som opplever vald eller mishandling i eit samlivsforhold kan få opphaldsløyve:
Den som sjølv opplever mishandling eller vald i samlivsforhold, tvangsekteskap eller som er forhindra frå å returnere til heimlandet etter samlivsbrot på grunn av sosiale og kulturelle forhold kan få eit sjølvstendig opphaldsløyve. Denne gjelda også barna til denne personen.