Ny innvandrar i Noreg

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap

Foto frå eit norskkurs

Rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap

Nokre av innvandrarane har rett og plikt til å få gratis opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Dette gjeld:

  • flyktningar
  • personar med opphald på humanitært grunnlag
  • personar med kollektivt vern
  • familiesameinte med ein som høyrer inn under ei av gruppene ovanfor
  • familiesameinte med norske eller nordiske borgarar
  • familiesameinte med personar som har permanent opphaldsløyve

Det er berre personar i alderen 16-67 år som har rett og plikt til å delta i opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Retten inneber at opplæringa er gratis, og plikta inneber at desse personane må gjennomføre 600 timar opplæring for å få innvilga permanent opphald (eller statsborgarskap). Av desse timane skal 50 timar vere undervisning i samfunnskunnskap på eit språk deltakaren forstår. Det er også mogleg å få innvilga fleire timar med gratis norskopplæring. Desse timane blir tildelte etter behov, inntil 3000 timar totalt.

Plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap

Somme har ikkje rett til gratis opplæring, men har plikt til å gjennomføre 300 timar opplæring i norsk og samfunnskunnskap for å få permanent opphaldsløyve. Dette gjeld:

  • arbeidsinnvandrarar frå land utanfor EØS/EFTA-området
  • personar som kjem til landet på grunnlag av familiesameining med desse

Verken rett eller plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap

Somme har verken rett eller plikt til gratis norskopplæring. Dette gjeld:

  • studentar
  • au pairar og andre med mellombels opphald
  • nordiske borgar
  • personar med opphald etter EFTA/EØS-regelverket

Fakta

Norskkurs

Alle som bur i Noreg, bør snakke og forstå norsk. Det norske samfunnet forventar at alle deltek i samfunnslivet, og dei fleste skal også ut i arbeidslivet og forsørgje seg sjølv. Dei fleste kommunar har tilbod om norskkurs, og det finst også fleire private kursleverandørar. Nokre innvandrarar får gratis norskkurs av kommunen, medan andre sjølv må betale for dette. Dette avheng av kva type opphaldsløyve ein har.