Ny innvandrar i Noreg

Introduksjonsprogram

For å betre nyleg komne innvandrarar sine moglegheiter i Noreg finst det eit introduksjonsprogram. Introduksjonsprogrammet skal gi dei nyleg komne ei innføring i det norske samfunnet, og det er kommunen som har ansvaret for programmet.

Introduksjonsprogrammet skal auke innvandrarane sine utsikter til å delta i yrkes- og samfunnslivet. Målet er å styrkje det økonomiske sjølvstendet for innvandrarane. Nokre innvandrarar har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet, men ikkje alle. Dette er avhengig av grunnlaget for opphaldsløyve.

Desse gruppene har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet:

  • flyktningar
  • personar med opphald på humanitært grunnlag
  • familiesameinte med dei to gruppene over
  • personar som får opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag fordi personen sjølv, eller barn, har blitt utsett for mishandling eller vald i samlivsforhold, tvangsekteskap eller som er forhindra frå å returnere til heimlandet etter samlivsbrot på grunn av sosiale og kulturelle forhold

 

Fakta

Introduksjonsprogrammet skal

  • styrkje innvandrarane sin sjanse til å delta i yrkes- og samfunnslivet
  • styrke det økonomiske sjølvstendet til innvandrarar
  • gje grunnleggjande ferdigheiter i norsk
  • gje grunnleggjande innsikt i norsk samfunnsliv