Ny innvandrar i Noreg

Korleis etablere seg og delta aktivt i arbeids- og samfunnslivet?

Lagerarbeider

For ein som er ny i Noreg, er det mykje som er nytt og framand. Det er viktig både for innvandraren sjølv og for samfunnet at han eller ho finn seg raskt til rette og etter kvart kjenner tilhøyrsle til det norske samfunnet.

Det viktigaste ein kan gjere, er å lære seg norsk. Språket kan lærast på mange måtar og på ulike arenaer. Dei fleste vil ha god nytte av å gå på norskkurs. Det er også viktig å oppsøkje stader der språket blir brukt. Det kan vere på arbeidsplassar, i organiserte fritidsaktivitetar og i privatlivet. Nokre lærer mykje av å sjå på barne-tv, nyheiter eller teksta program på tv.

I norskopplæringa kan ein få tilbod om språkpraksis. Dette er eit tillegg til tradisjonell klasseromsundervisning. På ein språkpraksisplass vil ein få trening i å snakke norsk på ein arbeidsplass. Gjennom språkpraksis kan deltakarar derfor både lære språk og få kontaktar i arbeidslivet.

Den som vil ha ein jobb i Noreg, må sjølv vere aktiv. Det er viktig å lære språket, det er viktig å knyte kontaktar, og det er viktig å skaffe seg arbeidserfaring. Nokre får tilbod om å vere i arbeidspraksis i ei bedrift. Arbeidspraksis blir organisert av NAV.

Personar som har kompetanse frå eit anna land, kan søkje om å få kompetansen godkjent i Noreg. Det finst mange ulike ordningar for godkjenning av kompetanse. Meir informasjon finn du på www.nokut.no.

Det er ikkje berre gjennom arbeidslivet ein kan bli ein aktiv deltakar i samfunnet. Det finst mange frivillige organisasjonar, idrettsforeiningar og politiske eller religiøse organisasjonar, som ein kan delta i. Dette kan vere ein fin måte å bli kjent med andre på, bruke språket og få brukt evner og interesser.

Den som har barn i Noreg, har ein ekstra sjanse til å knyte kontakt med andre menneske. Kvardagen til barna er ofte fylt med ulike aktivitetar. Når foreldra deltek på fritidsaktivitetar saman med barna sine, følgjer dei til trening eller går på foreldremøte, treffer dei andre foreldre. Nordmenn som flyttar til ein ny stad i Noreg, vil ofte bruke desse moglegheitene til å få nye venner og knyte kontaktar. Det same kan sjølvsagt innvandrarar gjere. Her kan ein prøve å snakke norsk og bli kjent med andre.

Fakta

Språkpraksis gjev

  • språktrening
  • verdifull jobberfaring
  • nyttige referansar
  • nettverk

Har du barn i Noreg? La barna bli med på ulike aktivitetar etter skuletid. Følg barnet ditt, og bruk høvet til å bli kjent med nye menneske!