Historie, geografi og levesett

Geografi

Norge i Verden

Flateinnhaldet til Noreg er 385 199 kvadratkilometer. Det vil seie at storleiken på Noreg er mindre enn for eksempel land som Thailand, Irak, Tyrkia og Somalia. Det som er spesielt med Noreg, er at det er eit langt og smalt land. Det er nesten same avstand mellom Oslo og Paris, som det er mellom Oslo og Tromsø.

Noreg ligg i Norden som består av Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island. Noreg utgjer også Skandinavia saman med Sverige og Danmark.

Noreg grensar til Sverige, Finland og Russland.

Landsdelar

Noreg er delt inn i fem landsdelar: Nord-Noreg, Trøndelag, Vestlandet, Sørlandet og Austlandet.

Fylke

Det er 11 fylke i Noreg. Dei fordeler seg slik på dei ulike landsdelane:
Nord-Noreg: Nordland, Troms og Finnmark
Trøndelag: Trøndelag
Vestlandet: Vestland, Rogaland, Møre og Romsdal
Sørlandet: Agder
Austlandet: Vestfold og Telemark, Viken, Innlandet, Oslo

Norgeskart og flagg

Byar

Det er nesten 100 byar i Noreg. Oslo er klårt størst med over 600 000 innbyggjarar. Nokon av dei største byane er:

      • Oslo

Oslo

    • Bergen

Bergen

    • Trondheim

Trondheim

  • Stavanger
  • Kristiansand
  • Fredrikstad
  • Tromsø
  • Sandnes
  • Drammen
  • Sarpsborg
  • ssb.no

 

Andre geografiske fakta

      • Det høgste fjellet i Noreg heiter Galdhøpiggen. Det er 2469 meter høgt.

    • Den største innsjøen i Noreg heiter Mjøsa. . Han har ei overflate på 365 kvadratkilometer.
    • Den lengste elva i Noreg heiter Glomma. Ho er 611 kilometer lang.
    • Langs kysten er det mange fjordar, og den lengste av dei er Sognefjorden. Han er 204 kilometer lang og 1308 meter djup på det djupaste.

Sognefjorden

  • Nesten halvparten av arealet i Noreg består av fjellområde, og i tillegg er om lag ein tredjedel dekt av skog. Berre to prosent av Noreg er utbygd (bygningar og vegar).

Fakta

Inndeling

Geografisk er Noreg delt inn i 5 landsdelar, administrativt er det delt inn i 11 fylke og 356 kommunar.

Fjell og skogar

Ca. halvparten av arealet i Noreg er fjellområde, og 38 prosent er dekt av skog. Berre tre prosent av arealet er dyrka mark.