Demokrati og velferdssamfunn

Rettar og fridomar i demokratiet


Noreg er eit demokrati. Ordet demokrati er opphavleg gresk og tyder folkestyre. Folket styrer politikken i Noreg gjennom å velje politiske parti til Stortinget, fylkesting og kommunestyre. På denne måten er det fleirtalet som bestemmer. Men eit viktig prinsipp er også at fleirtalet skal ta omsyn til mindretalet sine meiningar når dei utformar politikken.

I eit demokrati har innbyggjarane visse rettar og fridomar:

Menneskerettar

FN-flagget FN-bygningen i New York
Menneskerettane gjeld for alle og er rettar vi har fordi vi er menneske – ikkje fordi vi bur bestemte stader i verda, eller tilhøyrer ein bestemt religion eller ei spesiell folkegruppe. Derfor seier vi at menneskerettane er universelle. Menneskerettane seier fyrst og fremst noko om forholdet mellom individ og stat.

I 1948 vedtok SN ei universell menneskerettserklæring som gjeld for alle menneske. Menneskerettserklæringa slår blant anna fast at

  • alle menneske er fødde frie med same menneskeverd og menneskerettar
  • alle menneske har dei same menneskerettane uavhengig av kjønn, religion, rase, politisk syn, nasjonalitet, osv.
  • alle menneske har rett til fridom og personleg tryggleik.
  • tortur i alle former er forbode
  • alle menneske skal ha rettstryggleik
  • alle menneske har rett til å påverke den politiske situasjonen i landet sitt gjennom å stemme ved frie, hemmelege val

I Noreg er menneskerettane innarbeidde i lovene.

Likestilling

Personar i rullestol Homofilt par To eldre damer på tur Fem barn sammen

Tradisjonelt har omgrepet likestilling handla om at kvinner og menn skal ha like rettar og like sjansar. I dag har omgrepet ei utvida tyding: Alle menneske – uavhengig av alder, etnisitet, funksjonsevne, kjønn, religion og seksuell orientering – skal ha like rettar og sjansar.

Likestilling handlar blant anna om å ha lik sjanse til innverknad og påverknad, at ansvar og byrder skal vere rettferdig fordelte, og at ein skal kjenne seg trygg på at ein ikkje blir utsett for overgrep.

Ytringsfridom

Ytringsfridom tyder at ein fritt kan seie meininga si om blant anna politikk og religion, at ein fritt kan diskutere med andre, og at ein fritt kan skrive om meiningane sine utan å bli straffa for dette.

Det går likevel ei grense mellom fridomen til å seie og skrive det ein vil, og det å snakke stygt om andre menneske. Derfor har vi ein del lover som set grenser for ytringsfridomen. Det er til dømes ikkje lov å kome med rasistiske og andre diskriminerande ytringar i offentleg debatt, verken munnleg eller skriftleg.

Ytringsfridomen gjeld både for privatpersonar og for radio, tv og aviser.

Rettstryggleik

I Noreg har innbyggjarane god rettstryggleik. Dette tyder blant anna:

  • Ingen kan dømmast til fengsel utan at det har vore ei rettssak fyrst. Ei rettssak vil seie at ein jury avgjer om den tiltalte personen er skuldig eller ikkje, og at ein uavhengig dommar avgjer kva slags straff som er aktuell dersom den tiltalte blir funnen skuldig. Likevel kan personar setjast i varetektsfengsel før rettssaka medan politiet arbeider med å oppklare ei kriminalsak.
  • Alle tiltalte har rett til eit forsvar.
  • Domstolane er uavhengige. Det tyder at dei ikkje skal la seg påverke av politikarar, media eller andre i arbeidet sitt med konkrete saker. Verken Stortinget, regjeringa eller andre styresmakter kan gripe inn i avgjerdene frå domstolane.
  • Nye lover kan ikkje ha tilbakeverkande kraft. Dette tyder at det er lova som var gyldig på det tidspunktet nokon gjorde noko, som skal brukast når skuldspørsmålet blir avgjort eller straffa fastsett.

Religionsfridom

Religionsfridom tyder at menneske er frie til å velje kva religion eller livssyn dei ønskjer å høyre til. Ingen har rett til å tvinge andre inn i eller ut av ei religiøs gruppe eller eit trussamfunn. Frå ein er 15 år har alle rett til å melde seg ut av trussamfunn/livssynssamfunn på eiga hand. Ingen skal forfølgjast eller straffast for den religiøse tilhøyrsla si.

Like viktig som at alle er frie til å velje religion/livssyn sjølv, er det at vi har den same fridomen til å ikkje tilhøyre ein religion eller eit livssyn.

Organisasjonsfridom

Organisasjonsfridom tyder fleire ting. Dette er nokre av dei viktigaste:

  • Ein har rett til å vere medlem av politiske parti eller interesseorganisasjonar utan å risikere å bli forfølgt eller straffa.
  • Ein har rett til å vere medlem av arbeidstakarorganisasjonar utan å risikere å bli forfølgt eller straffa. I visse situasjonar har ein også rett til å streike.
  • Ein har rett til å uttrykkje meiningane sine gjennom lovlege demonstrasjonar.

Fakta

Stemmerett

  • Stemmerettsalderen i Noreg er 18 år.
  • For å stemme ved stortingsval må du vere norsk statsborgar.
  • For å stemme ved fylkestings- og kommunestyreval må du ha budd i Noreg dei siste tre åra før valet.
  • I Noreg har vi hatt allmenn stemmerett sidan kvinner fekk stemmerett i 1913.

Rasismeparagrafen (§ 185 i straffelova)

«Med diskriminerende eller hatefull ytring menes det å true eller forhåne noen, eller fremme hat, forfølgelse eller ringeakt overfor noen på grunn av deres

a) hudfarge eller nasjonale eller etniske opprinnelse,
b) religion eller livssyn,
c) homofile orientering, eller
d) nedsatte funksjonsevne.»

22. juli 2011

22. juli 2011 er ein merkedag i moderne norsk historie. Den dagen vart Noreg utsett for ein terroraksjon. Åtte menneske vart drepne då ei bombe eksploderte i regjeringskvartalet i Oslo, og på Utøya vart 69 menneske skotne og drepne på ein politisk sommarleir for ungdom. I tillegg vart mange menneske skadde. Det var den same gjerningsmannen som stod bak begge hendingane.