Historie, geografi og levesett

Klima

Noreg har fire årstider: vår, sommar, haust og vinter.

Klimaet i Noreg varierer frå landsdel til landsdel. Det kan også vere store variasjonar innanfor ein og same landsdel, og det kan vere store variasjonar frå år til år. Generelt kan vi seie at kystområda har milde og snøfattige vintrar, medan innlandsområda har kalde vintrar med mykje snø. Til gjengjeld har innlandet ofte varme og tørre somrar. Vestlandet har meir regn enn Austlandet. Det er ofte mykje vind langs kysten, særleg om hausten.

Det er også stor forskjell på dagslys nord og sør i landet. Dess lenger nord i landet ein er, dess kortare er dagane om vinteren. I Hammerfest er det mørketid i nesten to månader om vinteren. Då er det ikkje dagslys i det heile teke. Men om sommaren er det heilt motsett. Då skin sola midt på natta. Dette blir kalla midnattssol.

Midnattssol

Sør i landet er det også stor forskjell på kor lange dagane er om sommaren og vinteren. Men i sør er det verken mørketid eller midnattssol.

Det er polarsirkelen, som går litt nord for Mo i Rana, som markerer grensa for området som har mørketid og midnattssol.

Fakta

Temperaturar

Den varmaste temperaturen som er målt i Noreg, er pluss 35,6 grader celsius (Nesbyen, 20. juli 1970).

Den kaldaste temperaturen som er målt i Noreg, er minus 51,4 grader celsius (Karasjok, 1. januar 1886).

Milde havstraumar

Sjølv om Noreg ligg langt mot nord, er klimaet mildare enn mange andre nordlege område i verda. Dette kjem av milde havstraumar som kjem frå Mexicogulfen i Mellom-Amerika, og som strøymer heilt opp til norskekysten og gjev frå seg varme.