Historie, geografi og levesett

Tradisjonar og høgtider

Merkedagar

1. nyttårsdag
Året byrjar i januar. 1. januar kallar vi 1. nyttårsdag. Denne dagen er dei fleste butikkane stengde, mange har fri frå jobben, og barna har fri frå skulen.

Kvinnedagen
8. mars er den internasjonale kvinnedagen. På 1970-talet var det fleire og fleire som engasjerte seg i arbeidet for likestilling og kvinners rettar, og den internasjonale kvinnedagen har i Noreg vorte markert kvart år sidan 1972. 8. mars er ikkje ein fridag.

Påske
I mars eller april er det påske. Tidspunktet varierer frå år til år. Påska er ei kristen høgtid. Men for mange handlar ikkje påska fyrst og fremst om religion. Påska blir då nokre ekstra fridagar etter ein lang vinter.

Skjærtorsdag, langfredag og 1. påskedag er heilagdagar. Då er butikkane stengde, og mange har fri frå jobben desse dagane. Skulebarn har fri heile påska, og mange arbeidstakarar tek ut ferie i tillegg til fridagane.

Kristi himmelfartsdag og pinse
40 dagar etter påske er det Kristi himmelfartsdag, og 50 dagar etter påske er det pinse. Begge er kristne høgtider. Kristi himmelfartsdag og 2. pinsedag er fridagar.

Arbeidardagen
Den internasjonale arbeidardagen er 1. mai. Mange går i tog denne dagen og viser kva politiske saker dei er opptekne av. 1. mai er ein fridag.

Nasjonaldagen
17.mai 17.mai 17.mai

17. mai er nasjonaldag i Noreg. Vi feirar at landet fekk si eiga grunnlov 17. mai 1814.

17. mai er fyrst og fremst barnas dag. Nesten alle barnehage- og skulebarn går i tog, viftar med det norske flagget og syng. Dei fleste pyntar seg. Fyrst i toget går musikkorps i flotte uniformer. Mange barn speler i desse korpsa.

På 17. mai er det vanleg å ete pølser og is. Barn i Noreg gler seg veldig mykje til denne dagen. 17. mai er ein fridag.

Jul

I desember feirar mange i Noreg jul. Jula er ei kristen høgtid som markerer Jesu fødsel. Jula og julefeiringa er ein tradisjon som er viktig for dei fleste. Jula er fyrst og fremst ei familiefeiring.

Jula er på den mørkaste tida av året, og for mange tyder denne feiringa lys og varme når det er som mørkast og kaldast ute. Lenge før Noreg vart eit kristent land, var det også vanleg med store feiringar på denne tida av året – kanskje nettopp for å lyse opp i mørket.

Den 24. desember kallar vi julaftan. Då er det vanleg å ete tradisjonell julemiddag saman med familien. Det er ulike tradisjonar i ulike landsdelar. Dei fleste har sine eigne tradisjonar og synest det er viktig å halde på dei. Det er vanleg å gje kvarandre gåver på julaftan – julegåver.

I tida før jul sender mange kort eller e-post til vener og familie og ønskjer dei ei hyggeleg julefeiring. Skulebarn har fri heile jula, og mange arbeidstakarar tek ut ferie. Butikkane er stengde nokre dagar i juleveka.

Nyttårsaftan
Fyrverkeri

31. desember feirar mange nyttårsaftan med familie og vener. Mange sender opp fyrverkeri. Ved midnatt er det ofte eit fantastisk syn når rakettar og anna fyrverkeri lyser opp den mørke himmelen.

Nyttårsaftan er ikkje ein fridag.

Andre merkedagar

Fødselsdag

Bursdagsbarn som blåser ut lys på kaka

Det er vanleg å feire fødselsdagar, spesielt for barn. I tillegg til å ha familieselskap, inviterer ofte barna vener frå barnehagen eller skulen til bursdagsselskap.

Dei fleste har selskapet heime hjå seg sjølv, men somme har selskapet ein annan stad, til dømes på ein pizzarestaurant, i symjehallen eller på ein aktivitetsstad for barn.
Gjestene har med seg ei lita gåve til bursdagsbarnet.

Bryllaup
Brudepar

Kvart år er det ca. 23 000 par som gifter seg i Noreg. Mange av desse gifter seg i kyrkja, medan resten gifter seg på eit offentleg kontor. Det er tillate også for personar av same kjønn å inngå ekteskap.

Dei fleste som gifter seg, feirar dette saman med familie og vener. Det er vanleg at bryllaupsgjestene og andre som kjenner brureparet eller parets familie, gjev ei gåve til brureparet.

Dåp
Det blir fødd ca. 60 000 barn i Noreg kvart år. Mellom 50 og 60 prosent av desse blir døypte i kyrkja medan dei er babyar. Når barnet blir døypt, blir det medlem av kyrkja. Foreldra avgjer om barnet skal døypast eller ikkje.

Når eit barn blir døypt, er det gjerne stor fest i familien, og dåpsbarnet får gåver. For barn som ikkje blir døypte i kyrkja, har ofte familien ei ikkje-religiøs feiring av barnet. Somme er med på ein organisert humanistisk namnefest, medan andre har ei helt privat feiring.

Konfirmasjon

Når ungdomar er 14‒15 år gamle, kan dei velje å konfirmere seg. Når dei konfirmerer seg, tyder det at dei ønskjer å fortsetje å vere medlem av kyrkja. Dei siste tiåra har det vorte meir og meir vanleg med humanistisk konfirmasjon, det vil seie ei feiring av tenåringen utan religiøst innhald.

I tida før konfirmasjonen går ungdomen på eit førebuingskurs anten i kyrkja eller i ein livssynsorganisasjon. På kurset for kyrkjeleg konfirmasjon lærer dei om kristendomen og diskuterer etiske og moralske spørsmål. På kurset for humanistisk konfirmasjon lærer dei om humanisme og diskuterer livssyn, etikk og moral.

Når ein ungdom blir konfirmert, er det gjerne stor fest i familien, og konfirmanten får gåver. Rundt 60 prosent av ungdom konfirmerer seg i kyrkja. Det er omtrent 20 prosent som vel ein humanistisk konfirmasjon. Rundt 20 prosent av ungdomane konfirmerer seg ikkje.

Gravferd
Kiste

Kvart år døyr rundt 40 000 menneske i Noreg. Litt over 90 prosent av desse blir gravlagde i kyrkjeleg regi. Det vil seie at ein prest leier seremonien under gravferda.

Det finst to hovudtypar av gravferder: kistegravferd og urnenedsetjing. I ei kistegravferd blir kista med den døde lagd i jorda, medan i ei urnenedsetjing blir den avdøde kremert, og urna med oske sett ned i bakken.

Kremasjon har vorte meir og meir vanleg i Noreg. Ca. 40 prosent av dei som døyr blir kremert.

Fakta

1. januar: 1. nyttårsdag.

8. mars: Den internasjonale kvinnedagen.

I mars/april: Påske.

40 dagar etter påske: Kristi himmelfartsdag

50 dagar etter påske: Pinse.

1. mai: Den internasjonale arbeidardagen

17. mai: Noregs nasjonaldag.

24. desember: Julaftan.

31. desember: Nyttårsaftan