Religionar og livssyn i Noreg
Det er full religionsfridom i Noreg. Det tyder at ein kan praktisere religionen sin utan at ein treng å vere redd for å bli forfølgt eller straffa for dette. Det tyder også at kvart enkelt individ er fri til å avgjere kva for religion ein ønskjer å tilhøyre. Like viktig er det at kvart enkelt individ også er fri til å velje ikkje å tilhøyre ein religion.
Det største trussamfunnet i Noreg er Den norske kyrkja. Rundt 70 prosent av befolkninga er medlemer her. Sjølv om medlemsprosenten er høg, vil ikkje dette nødvendigvis seie at religion har ein framtredande plass i alles liv. Men kyrkja er framleis viktig for dei fleste innbyggjarane ved seremoniar som dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferder, i tillegg til i jula.
Dei ulike trussamfunna får pengar til drift frå staten
Trus- og livssynssamfunna kan få økonomisk støtte frå staten og kommunen. Godkjende trus- og livssynssamfunn får like mykje støtte for kvart av sine medlemer som det Den norske kyrkja får.
Noreg er eit fleirkulturelt og sekulært samfunn
Noreg vart kristna for rundt 1000 år sidan, og sidan reformasjonen på 1500-talet har luthersk kristendom (protestantisme) vore den dominerande religionen i Noreg.
Før var det forbode for nordmenn å melde seg ut av statskyrkja, og fyrst for rundt hundre år sidan vart det lov for ikkje-kristne trussamfunn å organisere seg i Noreg.
I dag har samfunnet vorte meir og meir sekulært. Det vil seie at religion speler ei mindre rolle i samfunnet enn tidlegare, både blant privatpersonar og når landets lover skal utformast.
Ulike trus- og livssynsgrupper i Noreg
Rundt 30 prosent av befolkninga i Noreg er ikkje medlemer av Den norske kyrkja. Ca. halvparten av desse er medlemer av andre trus- eller livssynssamfunn, medan den andre halvparten ikkje er medlem av nokre slike samfunn.
Dei som tilhøyrer trus- og livssynssamfunn utanfor den norske kyrkja, fordeler seg slik: