Fakta
Samane
Noreg har eit urfolk som heter samar, og samane er den befolkningsgruppa som har budd lengst i Noreg. Det bur mellom 40 000 og 50 000 samar i Noreg. Det bur også rundt 50 000 samar til saman i Sverige, Finland og Russland.
Samane har sitt eige språk – samisk. Det finst fleire forskjellige samiske språk.
Samane har sidan 1989 hatt sitt eige sameting. På Sametinget blir saker som gjeld spesielt for den samiske befolkninga, diskuterte. Men norsk lov gjeld også for den samiske befolkninga som for alle andre som oppheld seg i Noreg.