Staten, fylkeskommunane og kommunane

Staten, fylkeskommunane og kommunane

I Noreg er det 18 fylke og 422 kommunar. Oslo er både ein kommune og eit fylke.

Fylke og kommunar er både geografiske område og politisk styrte einingar. Både fylkeskommunane og kommunane har sjølvråderett i ein del saker, sjølv om også staten avgjer mykje. Staten set også rammer for fylkeskommunane og kommunane. Staten bestemmer over heile landet, medan fylkeskommunen og kommunane berre bestemmer lokalt.

Politisk og administrativ styring

Staten, fylkeskommunane og kommunane blir styrte av folkevalde politikarar. Det vil seie at politikarane diskuterer ulike saker og avgjer kva politikk som skal gjelde på ulike område. Men det er byråkratane – dei tilsette i staten, fylkeskommunane og kommunane – som set politikken ut i livet.

Fakta

Dette er nokre av ansvarsområda for staten:

  • utanrikspolitikk
  • sjukehus
  • lover
  • læreplanar for skulen

Dette er nokre av ansvarsområda for fylkeskommunane:

  • vidaregåande opplæring
  • fylkesvegar

Dette er nokre av ansvarsområda for kommunane:

  • grunnskulen
  • barnehagar
  • eldreomsorg
  • renovasjon, vatn og avløp
  • kommunale vegar

LØS OPPGAVENE