Demokrati og velferdssamfunn

Storting og regjering

Stortinget

Stortingsbygningen - © Stortingsarkivet/ foto: Teigens fotoatelier as.
Nasjonalforsamlinga i Noreg heiter Stortinget. På Stortinget sit det 169 representantar som blir valde av folket for fire år om gongen. Dei representerer ulike politiske parti. Stortinget er den øvste statsmakta i Noreg. Dette er dei viktigaste oppgåvene til Stortinget:

  • vedta nye lover og forandre gamle lover
  • vedta statsbudsjettet
  • kontrollere regjeringa og statsforvaltninga
  • drøfte politiske spørsmål og store prosjekt

Stortingssalen - © Stortingsarkivet/ foto: Teigens fotoatelier as.
Politiske debattar i Stortinget er opne for publikum. Alle som vil, kan vere til stades og høyre på at politikarane diskuterer. Publikum har likevel ikkje rett til å snakke eller uttale seg om saker i Stortinget. Ein kan stille spørsmål til stortingsrepresentantane gjennom e-post eller vanleg brev. E-postadresser til alle representantane og meir informasjon finn du på stortinget.no.

Regjeringa

Etter eit stortingsval dannar eitt eller fleire parti ei ny regjering. Regjeringa består av statsrådane (den politiske leiaren for kvart departement) og statsministeren. Ei av oppgåvene til regjeringa er å føreslå nye lover og endringar i lovene, men det er Stortinget som vedtek lovene og lovendringane.

Regjeringa skal sørgje for at dei sakene som blir vedtekne i Stortinget, blir gjennomførte i praksis. Regjeringa lagar også framlegg til statsbudsjett kvart år. Kvar fredag har regjeringa møte med kongen. Då informerer statsrådane kongen om ulike politiske saker. Desse møta blir kalla statsråd. Kongen har liten politisk makt, men desse møta er likevel viktige.

Når fleire parti samarbeider om å danne regjering, kallar vi det ei koalisjonsregjering. Dersom partiet eller partia i regjeringa til saman har fleirtal i Stortinget, kallar vi det ei fleirtalsregjering. Motsett kallar vi det ei mindretalsregjering om det partiet eller dei partia som dannar regjering, har under halvparten av representantane på Stortinget. Dei siste åra har alle regjeringar i Noreg vore koalisjonsregjeringar.

Maktfordelingsprinsippet:
Stortinget, regjeringa og domstolane deler makta mellom seg

Fakta

Maktfordelingsprinsippet

Maktfordelingsprinsippet deler makta mellom tre uavhengige organ:

  • Ei lovgjevande myndigheit – Stortinget, som vedtek lover.
  • Ei utøvande myndigheit – regjeringa, som føreslår lover og sørgjer for at dei blir sette i kraft og gjennomførte.
  • Ei dømmande myndigheit – domstolane, som dømmer i konkrete saker.