Demokrati og velferdssamfunn

Val og politiske parti

Val

Annakvart år er det politiske val i Noreg. Det vekslar mellom stortingsval og lokalval (fylkestings- og kommuneval). Stortinget blir altså valt kvart fjerde år, og det same gjeld fylkestinga og kommunestyra.

I avlukket Ei dame som bruker stemmeretten sin

Dei politiske partia vedtek eit program på landsmøta sine. Her skriv dei om kva for saker dei ønskjer å arbeide med i den valperioden som kjem, det vil seie dei neste fire åra.

Det er hemmelege val i Noreg. Det tyder at ingen får vite kva parti du stemmer på. Du avgjer sjølv kva parti du vil gje stemma di til, og det er ikkje uvanleg at familiemedlemer stemmer ulikt.

Politiske parti

Det finst mange ulike politiske parti i Noreg, og når det er val, er det mange alternativ å velje mellom. Det er rundt 20 forskjellige parti i Noreg.

Vi kan plassere dei største partia på ein skala frå «sosialistisk» til «borgarleg», slik: Rødt SV Ap SP KrF Venstre Høyre FrP

Formell og uformell makt

Stortingspolitikarane vedtek lover, lovendringar og budsjett. På denne måten har dei formell makt til å påverke kva politikk som blir førd nasjonalt og lokalt. I tillegg er det mange aktørar som har det vi kallar uformell makt. Det vil seie at dei påverkar politikken på ulike måtar.

Mediea
Media (radio, tv, nettet, aviser, osv.) i Noreg er frie. Det tyder at dei kan publisere den informasjonen dei sjølv ønskjer, uavhengig av kva politisk parti som sit med makta. Men også media må halde seg innanfor ytringsfridomen sine rammer. Media har stor påverknadskraft. Vi seier at media set dagsorden og fungerer som vakthund når noko er galt. På den måten påverkar dei både vanlege sjåarane/lesarar/lyttarar og politikarar.

Interesseorganisasjonar
Det er organisasjonsfridom i Noreg. Dette tyder blant anna at innbyggjarane fritt kan danne og melde seg inn i ulike interesseorganisasjonar.

Eksempel på slike organisasjonar er:

  • organisasjonar for menneske med ulike funksjonshemmingar og sjukdomar
  • organisasjonar for kvinnene sine rettar
  • organisasjonar for barn sine rettar
  • organisasjonar for miljø- og naturvern
  • organisasjonar som kjempar for ulike saker i kommunane

Akkurat som media kan slike organisasjonar ha stor påverknadskraft. Dei påverkar både vanlege sjåarar/lesarar/lyttarar og politikarar. Når personar eller organisasjonar freistar å påverke politikarar og avgjerdene deira på uformelle måtar, kallar vi det lobbyisme.

Fakta

Stemmerett

  • Stemmerettsalderen i Noreg er 18 år.
  • For å stemme ved stortingsval må du vere norsk statsborgar.
  • For å stemme ved fylkestings- og kommunestyreval må du ha budd i Noreg dei siste tre åra før valet.