Demokrati og velferdssamfunn

Det norske monarkiet

Kongeparet og Kronprinsparet, (Foto: Sølve Sundsbø / Det kongelige hoff)

Noreg er eit monarki. Statsoverhovudet i eit monarki er ein konge eller ei dronning. I Noreg har kongen lita politisk makt, men han har ei formell rolle ved at han held statsråd for regjeringa kvar veke og signerer regjeringa sine offisielle avgjerder og lover vedtekne av Stortinget.

Monarken (kongen/dronninga) blir ikkje vald av folket ved politiske val. Tittelen går i arv frå forelder til barn. Kongen i dagens Noreg heiter Harald 5. Han er gift med dronning Sonja. Dei har to barn: prinsesse Märtha Louise (fødd 1971) og kronprins Haakon Magnus (fødd 1973). Kronprins Haakon Magnus vil arve kongetittelen etter far sin. Dottera hans prinsesse Ingrid Alexandra (fødd 2004) er neste i arverekkja.

Kong Harald, Kronprins Haakon og Prinsesse Ingrid Alexandra, (Foto: Morten Brun, Det kongelige hoff)

Fakta

Kongar

Sidan unionsoppløysinga med Sverige i 1905 har Noreg hatt tre kongar:

    • Haakon 7. (konge 1905–1957)
    • Olav 5. (konge 1957–1991)
    • Harald 5. (konge 1991–d.d.)

Kong Haakon med kronprins Olav på armen, 1905, (Oslo Museum, ukjent fotograf)