Demokrati og velferdssamfunn

Velferdssamfunnet

Eit velferdssamfunn er eit samfunn der viktige sider ved folks levestandard, utdanning og helse er sikra ved hjelp av offentlege fellesskapsløysingar. I eit velferdssamfunn fordeler det offentlege ressursane slik at alle innbyggjarane får tilgang til grunnleggjande gode som bustad, mat, medisinsk hjelp og skulegang.

Det norske velferdssamfunnet blir kalla ein velferdsstat fordi det offentlege, stat og kommune, har hovudansvaret for velferda.

Velferdssamfunnet blir hovudsakleg finansiert ved at innbyggjarane betaler skattar og avgifter. I tillegg bruker staten blant anna eksportinntekter frå til dømes olje og gass til å finansiere velferdsgode.

Sjølv om det offentlege har hovudansvaret for velferdsgoda, gjer også frivillige organisasjonar og privatpersonar ein stor og viktig innsats.

Fakta

Eit velferdssamfunn

  • Eit velferdssamfunn er eit samfunn med høg og ganske jamt fordelt velferd.
  • Velferd kostar pengar. Alle som bur i Noreg, er med å betale for velferda gjennom skattar og avgifter.