Hovudoppgåvene for velferdssamfunnet
Det norske velferdssamfunnet er kjenneteikna av ein høg grad av offentleg ansvar. Staten, fylkeskommunane og kommunane finansierer store delar av velferdsgoda, og dei kontrollerer også at innbyggjarane følgjer reglane i systemet. Målet er at alle innbyggjarane skal kunne få likeverdig behandling, og at velferdsgoda blir fordelte på ein rettferdig måte.
I mange samfunn er det familien som har hovudansvaret for å hjelpe familiemedlemer som treng det. I Noreg er det også naturleg og vanleg å stille opp for familie og vener som treng omsorg og hjelp, men i dag har det offentlege teke over mykje av dette ansvaret.
Eit velferdssamfunn sikrar innbyggjarane mange gode. Men det er viktig å vere klar over at innbyggjarane i velferdssamfunnet også har plikter. Ein viktig føresetnad for at velferdssamfunnet skal fungere, er tillit. Å ha tillit til nokon tyder at vi kan stole på dei.
Vi skal kunne lite på at ordningane i velferdssamfunnet fungerer når vi treng dei. Staten og kommunane skal på si side kunne lite på at innbyggjarane gjev riktig informasjon, og at dei ikkje misbruker velferdsgoda.