Demokrati og velferdssamfunn

Velferdsgode

Ei eldre dame får medisinsk hjelp Personar i rullestol Eit eldre par Elevar på biblioteket Barnehage Nyfødt barn på vekt
Desse bileta viser nokre av velferdsgoda i det norske samfunnet.

Velferdsgoda i Noreg er universelle. Det tyder at alle har rett til å nyte godt av dei.

Sjølv om alle har rett til å nytte velferdsgoda, er det ikkje meininga at alle skal bruke alle velferdsgoda.

Nokre av velferdsgoda nyter dei fleste av oss godt av i lange periodar av livet. Alle barn og unge i Noreg i dag har til dømes rett og plikt til ti års skulegang, og dei fleste tek også vidaregåande utdanning. Mange av oss vil også vere så heldige at vi blir gamle nok til å bli alderspensjonistar.

Nokre velferdsgode nyttar vi kanskje berre éin eller fleire gonger i livet. I Noreg er det gratis å liggje på sjukehus og få behandling der, medan vi betaler ein eigendel når vi går til legen.

Andre velferdsgode er meinte å hjelpe oss i vanskelege periodar i livet, til dømes i samband med arbeidsløyse eller ved sjukefråvere frå jobben. Den økonomiske hjelpa vi kan få i slike situasjonar, er meint som ei mellombels hjelp til livet vårt blir lettare att.

Fakta

Dei ulike tenestene

som velferdssamfunnet tilbyr innbyggjarane, kallar vi velferdsgode.

  • Nokre velferdsgode bruker vi i lange periodar av livet.
  • Nokre velferdsgode bruker vi berre av og til.
  • Nokre velferdsgode bruker vi kanskje aldri.