Demokrati og velferdssamfunn

NAV

Alle kommunar i Noreg har eit Nav-kontor. På Nav-kontoret kan vi få hjelp dersom vi treng å kvalifisere oss til å kome i arbeid, eller om vi treng økonomisk hjelp i sjukdomsperiodar eller andre vanskelege periodar i livet.

I tillegg har NAV ansvaret for alle trygdeordningar i Noreg. Nav har også ansvaret for sosialhjelp. Nav har ikkje ansvaret for at vi får eller har arbeid, sjølv om det er eit mål å få fleire i arbeid.

Fakta

Nokre av hovudmåla til NAV er

    • å få fleire i arbeid og aktivitet og færre på støtteordningar
    • å bidra til ein velfungerande arbeidsmarknad
    • å gje god service som er tilpassa brukarane sine føresetnader og behov

NAV