Demokrati og velferdssamfunn

Økonomi

Alle arbeidstakarar som tener meir enn minstefradraget per år, betaler skatt. Mesteparten av skatten går til den kommunen arbeidstakaren bur i, og noko går til fylkeskommunen og staten. Alderspensjonistar og dei som mottek dagpengar og andre trygder, betaler også skatt. Bedrifter betaler i hovudsak skatt til staten.

Vi betaler også ei avgift til staten på alle varer og dei fleste tenester vi kjøper. Denne avgifta heiter meirverdiavgift (mva. eller moms). Den vanlege satsen for moms er 25 prosent, medan han er 15 prosent på matvarer. Det vil seie at ein del av det du betaler for ei vare, er ein skatt som går til staten. Momsen er ei viktig inntektskjelde for staten. Meir enn 20 prosent av dei totale skatteinntektene til det offentlege kjem frå momsen.

Ein føresetnad for at det norske velferdssamfunnet skal kunne fungere, er at flest mogleg av innbyggjarane er i arbeid og derfor kan bidra til systemet gjennom å betale skatt. Inntektene til staten må vere større enn utgiftene.

Staten har ansvaret for ein del av velferdsgoda i det norske samfunnet, til dømes drift av sjukehus. Men det er kommunane som har ansvaret for størstedelen av velferdsgoda.

Statens inntekter 974 milliarder

Kommunane sine inntekter (343 milliardar kroner)

Fakta

Skattar og avgifter

  • Det norske velferdssamfunnet er hovudsakleg finansiert gjennom skattar og avgifter.
  • Inntektene frå skattar og avgifter er heilt nødvendige for at det skal vere nok pengar til velferdsgoda og for at velferdssamfunnet skal fungere.