Demokrati og velferdssamfunn

Rettar og plikter i velferdssamfunnet

Velferdsstaten er avhengig av at alle bidreg økonomisk når dei er i stand til det. Skattepengane som vi betaler går til fellesskapet. Gjennom heile livet nyt vi godt av mange ulike velferdsgode. Alle kan kome i ein situasjon éin eller fleire gonger i livet der ein treng hjelp frå velferdssamfunnet. Ein kan kome ut for ei ulukke eller få ein alvorleg sjukdom, ein kan bli arbeidsledig eller oppleve andre kriser i livet. Då er det godt å vite at ein blir teken vare på.

Når ein er frisk og arbeidsfør, bidreg ein gjennom å arbeide og gjennom å betale skatt. På ein måte betaler ein då tilbake det ein fekk tidlegare, eller det ein kan kome til å trenge seinare. Dei fleste opplever derfor dette som eit godt system. I velferdssamfunnet har befolkninga økonomiske rettar og plikter.

  • Døme på rettar er sjukepengar, dagpengar, introduksjonsstønad, barnetrygd og alderspensjon.
  • Døme på plikter er å betale skatt, ikkje å misbruke dei økonomiske ordningane og å gje styresmaktene riktig informasjon om eigen livssituasjon.

Fakta

Fridom og ansvar

  • Alle som bur i den norske velferdsstaten, har både fridom og ansvar, rettar og plikter.
  • Vi har fridom til å velje korleis vi vil leve livet vårt. Samtidig har vi eit ansvar for å følgje lover og reglar slik at systemet fungerer slik det er meint.