Historisk utvikling
Frå fattigkassa til velferdssamfunnet
Det norske velferdssystemet er i dag for alle innbyggjarane. For 100 år sidan var det ikkje på same måte. Då var det eit system vi kan kalle sosialhjelpsstaten. Berre dei aller svakaste og fattigaste kunne få hjelp frå det offentlege, og det var store lokale skilnader på den hjelpa som vart gjeven.
Mange av velferdsgoda har kome gradvis. Nokre av velferdsgoda byrja å kome før 2. verdskrigen (1940–1945), men dei fleste goda har ein kjempa for og fått lovbestemt i tida etterpå.
Men eitt velferdsgode har lange tradisjonar i Noreg: Barn har fått gratis skulegang sidan 1739!
Fleire av desse goda har kome fordi arbeidstakarane har kjempa dei fram. Dei siste 60‒70 åra har det vore relativt brei politisk semje om at staten har ansvar for å sikre velferda til innbyggjarane.