Barn og familie

Familiar

Foreldre og barn

Kvart år blir det fødd ca. 60 000 barn i Noreg. Kvinner i Noreg får gjennomsnittleg nesten to barn kvar. Tre av fire barn bur saman med begge foreldra sine. Den siste fjerdedelen bur anten berre saman med éin av foreldra, eller saman med éin av foreldra og den nye partnaren til denne.

Eit ungt par Mor, far og to barn Eit homofilt par Eit eldre par Far og dotter

Tre av fire par som bur saman, er gifte, medan eitt av fire par er sambuarar. Gjennomsnittsalderen for å gifte seg for fyrste gong er over 30 år, både for menn og kvinner. Mange er sambuarar i nokre år før dei gifter seg. Kvart år skil ca. 10 000 gifte par seg. Det er nesten halvparten av dei som inngår ekteskap kvart år.

Det er veldig mange i Noreg som bur åleine.

Fakta

Familie

Dei fleste er del av ein familie. Somme bur saman med andre familiemedlemer, medan andre bur åleine. Også dei som bur åleine, har ofte ein familie, men familien bur kanskje i eit anna hus, i ein annan by eller i eit anna land.

Hushald

Eit hushald er menneske som bur saman, og som har felles økonomi. Eit hushald kan bestå av éin eller fleire personar. Nesten 40 prosent bur åleine eller saman med berre éin person til.