Barn og familie

Barndom, barneloven og barnevernet

Fem barn saman Barn som leikar Barn i vinterleik

Dei Sameinte nasjonars (SN) barnekonvensjon inneheld 42 punkt som seier kva for rettar alle barn har. Han vart vedteken av SN si generalforsamling i 1989, og Noreg skreiv under i 1991. Denne lova gjeld for barn og unge under 18 år og seier mykje om kva plikter foreldra har overfor barna og kva rettar barn har overfor foreldra.

Her er nokre viktige punkt i barnelova:

  • Når eit barn blir fødd, skal legen eller jordmora gje fødselsmelding til Folkeregisteret. Det skal meldast frå om kven som er mor og far til barnet, og om foreldra bur saman. Dersom barnet blir fødd utan lege til stades eller medan mor oppheld seg i utlandet, har mor plikt til å melde frå sjølv.
  • Det er som regel foreldra som har hovudansvaret for barna sine, og barn har krav på omsorg og omtanke frå foreldra.
  • Foreldre har plikt til å forsørgje barna sine. Det vil seie at dei må sørgje for at barna får mat og klede og andre ting som er nødvendig for å ha eit godt liv. Denne forsørgingsplikta gjeld heilt til barnet har fylt 18 år. Foreldre har også vanlegvis plikt til å forsørgje barna sine til dei er ferdige med vidaregåande skule, sjølv etter at dei har fylt 18 år.
  • Foreldra har plikt til å gje barna ei god oppseding, og dei skal alltid tenkje på barnas interesser og behov. Barnelova forbyr bruk av vald i oppsedinga. Bruk av alvorleg vald eller andre krenkingar er straffbart.
  • Foreldra har plikt og rett til å ta avgjerder for barnet i personlege forhold når barnet ikkje kan bestemme sjølv. I barnelova er det eit viktig prinsipp at foreldra skal leggje større og større vekt på kva barnet sjølv meiner etter kvart som det blir eldre. Barnet skal få stadig større sjølvråderett etter kvart som det modnast og utviklar seg. Eit barn som er sju år, har rett til å seie meininga si før foreldra tek avgjerder om personlege forhold som gjeld barnet. Lova bestemmer at når barnet har fylt tolv år, skal det leggjast stor vekt på kva det meiner.
  • Eit barn som har fylt 15 år, har sjølv rett til å avgjere spørsmål om utdanning og om å melde seg ut og inn av organisasjonar. Det tyder til dømes at det er den unge sjølv som avgjer kva slags vidaregåande utdanning han eller ho skal søkje på. Foreldra og den unge diskuterer gjerne dette, og foreldra er ofte med på å gje ungdomen råd. Men det er altså ungdomen sjølv som avgjer. Ungdom kan også sjølv avgjere om dei vil vere med i politiske organisasjonar, religiøse trussamfunn og andre foreiningar.
  • Foreldra skal sørgje for at barna deltek i den obligatoriske grunnskuleopplæringa, og dei skal sørgje for at barna får ei utdanning som passar til deira evner og interesser.
  • Barn har rett til å ha samvær med båe foreldra, også sjølv om foreldra bur kvar for seg.
  • Myndigheitsalderen i Noreg er 18 år. Dette vil seia at ein no er gammal nok til å inngå juridiske avtaler og ha kontroll over eigne pengar. Det er ikkje lenger foreldra som står til ansvar.

Barnevernet i Noreg

Barnevernet si historie i Noreg skriv seg frå 1800-talet. Noreg blei det fyrste landa i verda som oppretta eit offentleg barnevern for å hjelpe barn som er i sårbare livssituasjonar og treng ekstra hjelp og vern.

Kvar kommune har ei barnevernteneste. Barneverntenesta sitt arbeid blir regulert av barnevernlova. Denne lova gjeld for alle barn og unge som oppheld seg i Noreg, uavhengig av barnet sin bakgrunn, nasjonalitet eller statsborgarskap.

Omsorg for og oppseding av barn er fyrst og fremst foreldra sitt ansvar. Nokre foreldre kan til tider ha behov for hjelp i kortare eller lengre periodar, for eksempel på grunn av ein vanskeleg livssituasjon. Barnevernet kan hjelpe barn og familiar i slike situasjonar.

Til barnet sitt beste
Barnevernet skal gi hjelp som er til barnet sin beste. Dette er i samsvar med FN sin barnekonvensjon, som også er ein del av norsk lov. Barnekonvensjonen slår fast at barn er sjølvstendige individ med særskilde behov og grunnleggjande rettar til liv, utvikling, vern og medverknad. I tråd med FN sin barnekonvensjon art. 12, er det fastsette at barnevernet skal lytte til barnet sine meiningar og gi dei tilbørleg vekt etter alderen og modnaden til barnet. Når familien har kome i kontakt med barnevernet, er det derfor vanleg at barnevernet både vil snakke med foreldre og med barn.

Barnevernet sine viktigaste oppgåver:

  • Å gi hjelp og støtte:
    Barneverntenesta hjelper barn og familiar når barnet på grunn av vanskelege livssituasjonar eller av andre grunnar har behov for det. Barnevernet ønskjer samarbeid med foreldra for at barn skal ha det bra i heimen. Hjelpa kan blant anna vere råd og rettleiing, eller hjelp til deltaking i fritidsaktivitetar, barnehage eller SFO/AKS. I dei fleste barnevernsaker mottek familien hjelp og stønad i heimen. Nokre gonger er det ikkje nok med hjelp i heimen, og det kan vere at barnevernet blir einige med foreldra om at barn må flytte ut av heimen for ein kortare eller lengre periode.
  • Ansvar for å verne barna:
    Som regel er det best for barn å vekse opp i eigen heim, men barneverntenesta har eit ansvar for å verne barna dersom hjelp og stønad i samarbeid med foreldra (hjelpetiltak) ikkje er nok til å vareta behovet til barnet. Barnevernet skal prøve med hjelpetiltak før omsorgsovertaking blir vurdert. Det må svært tungtvegande grunnar til for at barnevernet skal overta omsorga for barn. Eksempel på dette er når barn blir utsett for alvorleg omsorgssvikt – det vil seie dersom foreldra påfører barnet fysisk eller psykisk skade eller forsømer det så alvorleg at barnet si fysiske eller psykiske helse og utvikling er i fare. Dersom foreldra bruker vald mot barnet, for eksempel slår, kan dette sjåast som omsorgssvikt. Dersom eit barn skal plasserast utanfor heimen utan foreldra sitt samtykke, må dette bli vedteke i Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker, som er eit domstolliknande organ. I slike saker har foreldra krav på gratis rettshjelp (advokat).

Gongen i ei barnevernssak
Mange barnevernssaker startar med at foreldra eller barnet sjølv tek kontakt med barnevernet for å be om hjelp. Barneverntenesta får også spørsmål frå helsestasjonar, sjukehus, skular, barnehagar, naboar og andre som er uroa for eit barn. Alle som arbeider i det offentlege, for eksempel i skular, barnehagar og helsestasjonar, har lovpålagd meldeplikt til å kontakte barnevernet dersom dei er alvorleg urolege for eit barn. Alle meldingar som barnevernet mottek blir vurderte. Dersom barnevernet ser at det er grunn til det, tek dei kontakt med barn og foreldre for å få meir informasjon om korleis barnet har det. Det kan då vere at barnevernet ønskjer å snakke med barnet aleine. Foreldre og barn har rett til tolk dersom dei har behov for det. Det er vanleg at barnevernet kontaktar andre som kjenner familien og barnet, som for eksempel barnehage og skule. Dersom barnevernet vurderer at det ikkje er grunn til uro, så legg dei vekk saka. Elles vil dei foreslå tiltak for å hjelpe barnet og familien.

Korleis kan barn og vaksne kontakte barnevernet?
Alle kommunar har ei barnevernteneste som er open på dagtid. Både barn og vaksne kan vende seg dit. På kveld/natt og i helgar kan barn eller andre som er uroleg for eit barn, ringje alarmtelefonen for barn og unge på telefon: 116 111.

Fakta

Barnetrygd

Barnetrygd er ei økonomisk støtte som blir gjeven for alle barn under 18 år som er busette i Noreg. Ho skal bidra til å dekkje utgifter som følgjer med det å ha barn.
Meir informasjon: NAV Barnetrygd.

Kontantstøtte

Kontantstøtte er ei økonomisk støtte som blir gjeven for alle barn mellom eitt og to år som ikkje går i barnehage. Kontantstøtta er for barn mellom 13 og 23 månader. Deltidsplass i barnehage gjev redusert kontantstøtte.
Meir informasjon: NAV Kontantstøtte.