Barn og familie

Barneoppseding

Barn og foreldre

Barn er avhengige av foreldra, og foreldra har hovudansvaret for barna sine og for barneoppsedinga. Tidlegare vart barn set på som «små vaksne», og dei måtte ofte jobba for å bidra til inntektene til familien. Tidlegare var det vanleg å bu i storfamiliar, medan dei fleste barn i dag veks opp i kjernefamiliar. Dei fleste barn går i barnehage, og alle barn går på skulen frå dei er seks år.

Synet på barneoppseding har endra seg. I dag er barndomen ei tid for leik og læring, og det blir ikkje stilt krav til barn på same måte som før. Foreldre ønskjer å vere mykje saman med barna sine, og dei ønskjer å vite mykje om barnas liv i den tida dei ikkje er saman. Dei legg derfor stor vekt på å ha eit godt samarbeid med barnehagen og skulen. Dei fleste foreldre synest også det er viktig å kjenne venene til barna og foreldra deira.

Fordi barna lærer og erfarer mykje utanfor heimen, vil dei også bli prega av samfunnet og miljøet dei lever i. Ingen foreldre har full kontroll med korleis barna utviklar seg, og ingen barn blir kopiar av foreldra sine. Foreldre ønskjer likevel vanlegvis å vere gode rollemodellar og å vise barna sine korleis ein bør oppføre seg og reagere i ulike situasjonar.

Mange foreldre synest av og til at barneoppseding kan vere vanskeleg. Dei kan då til dømes søkje råd hjå nokre som kan mykje om dette, lese bøker om emnet eller finne informasjon på nettet.