Ulike bustader
Det finst over to millionar bustader i Noreg. Over halvparten av desse er einebustader. I store byar, som Oslo, er 70 prosent av bustadene blokker og bygardar. I mindre kommunar kan det vere opptil 90 prosent einebustader. Omtrent ein fjerdedel av befolkninga leiger bustaden dei bur i, medan resten eig bustaden sin sjølv.
Det er to måtar å eige ein bustad på. Ein kan anten vere sjølveigar, eller ein kan eige gjennom burettslag eller aksjeselskap.
Nesten alle bustader i Noreg har eige bad og toalett og eige kjøkken.