Likestilling
Korleis dei enkelte familiane vel å organisere livet sitt og oppgåvene sine, er opp til dei sjølve. Likevel finn vi tanken om likestilling og likeverd igjen i lover og rettar. Desse kan ingen som bur i Noreg, velje å sjå bort frå. Det gjeld til dømes likestillings- og diskrimineringslova, ekteskapslova og arvelova.
Ein av dei aller viktigaste verdiane i det norske samfunnet er likeverd mellom menneske. Dette inneber at ein meiner at menneske har like stor verdi, uansett kjønn, alder, funksjonsnivå, kulturell bakgrunn, etnisk opphav eller seksuell legning. Samfunnet arbeider for å gje alle like sjansar ut frå sine føresetnader. Døme på dette er skulen sitt tilbod til elevar med ulike funksjonshemmingar og tilbodet om norskopplæring til innvandrarar, prinsippet om lik løn for likt arbeid osv.
Dei siste tiåra har det skjedd mykje med likestillinga mellom kjønna. Vi har opplevd ei haldningsendring til menns og kvinners oppgåver og plass både i det offentlege og i familien og heimen.
På 1970-talet vart det retta meir og meir merksemd mot kvinners rettar i samfunnet og deira utsikter til utdanning og innanfor arbeidslivet generelt. Kvinners yrkesaktivitet har auka kraftig, og i dag er nesten like mange kvinner som menn i jobb. Framleis finst det likevel typiske kvinne- og mannsyrke, og langt fleire kvinner enn menn arbeider deltid. Omtrent like mange kvinner og menn har høgare utdanning i dag, men dei fleste vel framleis tradisjonelt.
Kvinner utdannar seg oftare innanfor omsorg og undervisning, menn innanfor teknikk og naturvitskap. Sjølv om kvinner no utgjer nesten halvparten av dei som er i jobb, er framleis to av tre leiarar i arbeidslivet menn.
I dei fleste familiar i dag, spesielt yngre familiar, er det vanleg å dele på både arbeid i heimen og på omsorgsarbeid, men kvinner bruker framleis meir tid enn menn på husarbeid.