Barn og familie

Rettar og plikter i ekteskapet

Eit brudepar

Utdrag frå ekteskapslova:

  • Alle som er over 18 år, som ikkje er gifte frå før, og som har lovleg opphald i Noreg, kan inngå ekteskap her.
  • Alle ekteskap skal inngåast frivillig. Kvinner og menn har same rett til fritt å velje ektefelle sjølv. Straffelova slår fast at den som ved vald, fridomsrøving, press eller truslar tvingar nokon til å inngå ekteskap, kan straffast med fengsel i inntil seks år. Medverknad blir straffa på same måte.
  • Dersom ein bestemmer seg for at ein ikkje ønskjer å leve saman med ektefellen lenger, kan ein krevje separasjon. Når ein har vore separert i eitt år, kan ein få skilsmisse. Dersom ein ikkje tek ut separasjon, men lever frå kvarandre i to år, kan ein også få skilsmisse. Kvinner og menn har same rett til å ta ut separasjon og be om skilsmisse.
  • Ein ektefelle kan krevje skilsmisse utan separasjon dersom den andre ektefellen har utsett han eller henne eller barna for drapsforsøk, vald, alvorleg mishandling eller har skapt frykt for dette. Ein ektefelle kan også krevje skilsmisse dersom ekteskapet vart inngått ved tvang. Det finst også rettar knytt opp til opphaldsløyve, dersom ein bryt ut av ekteskap av desse årsakene.
  • Ektefellar har eit felles ansvar for å forsørgje og ta seg av familien. Dei har saman det økonomiske ansvaret, og dei har saman ansvaret for det arbeidet som må til for at familien skal ha det bra. Men dei kan bidra til dette på ulike måtar. Det kan vere gjennom å tene pengar, gjennom arbeid i heimen, ved tilsyn med barna eller på annan måte. Ein ektefelle kan i nokre tilfelle krevje pengar av den andre ektefellen til å dekkje nødvendige utgifter. Ekteskapslova § 39 seier at ektefellar har plikt til å gje kvarandre opplysningar om økonomien sin. Ein ektefelle kan be om å få kopi av til dømes skattemelding, utskrift frå bankkontoar osv. frå den andre.
  • Kven eig kva i eit ekteskap? Det ein eig før ein gifter seg, eig ein framleis sjølv etter at ein har vorte gift. Ein eig også det ein arvar eller får i gåve etter at ein har gifta seg, og ein eig det ein kjøper sjølv. Det ein eig, kan ein selje eller gje bort utan at ektefellen kan stoppe det. Det som to ektefellar kjøper saman eller til heimen, eig dei saman.

Fakta

Ekteskapslova

Ekteskapslova regulerer forhold i ekteskapet. Sambuarar har ikkje dei same rettane og pliktene overfor kvarandre som det ektefellar har. Sambuarpar bør derfor inngå egne avtalar.