Helse

Helse og velferd

Kven har ansvar for helsa vår?

Tidlegare tenkte ein ofte at helsevesenet hadde ansvaret for helsa til pasientane. Dei siste åra har det vorte meir vanleg å tenkja at vi sjølv har eit stort ansvar for helsa vår. Måten vi vel å leve livet på, påverkar helsa vår. Helsevesenet har ansvar for å gje råd og rettleiing, men det er vårt ansvar å følgje desse råda. Det er lett å finne informasjon om førebygging av ulike sjukdomar og om ulike måtar å behandle sjukdomar på. I tillegg til informasjon på Internett, finst det til dømes brosjyrar hos legen eller på apoteket.

Det blir drive mykje opplysning og opplæring om temaet helse. Helse er eit viktig tema på skulen, og staten driv helseopplysningskampanjar av ulike slag. Tv og radio har også mykje helsestoff.

Sjølv om velferdssamfunnet tek på seg eit stort ansvar for å sikre befolkninga god helse, er det også i mange tilfelle opp til den einskilde korleis han eller ho lever livet sitt og passar på helsa. I mange land er pasientar vane med at legen opptrer som ein absolutt autoritet som bestemmer behandlinga. Pasienten kan også vere vant til at ein aldri går frå legen utan å ha fått medisinar. I Noreg er det vanleg at pasient og lege drøftar ulike alternativ for behandling og oppfølging.

God helse – meir enn fråver av sjukdom?

Somme vil seie at å ha god helse tyder at ein ikkje er sjuk. Andre vil seie at å ha god helse tyder at ein har det godt og trivst med livet sitt.

Begge desse måtane å definere god helse på er riktige. I samfunn der alvorlege sjukdomar og fattigdom er ein stor del av livet, er kanskje den fyrste definisjonen vanlegast. I andre samfunn, der det finst medisinar mot dei fleste sjukdomar og alle har høve til å få nødvendig legehjelp, vil mange meine at god helse er meir enn berre å vere fysisk og psykisk frisk.

Fakta

Økonomiske ordningar

I eit velferdssamfunn er målet at heile befolkninga skal kunne leve eit så godt liv som mogleg. Dette gjeld også det å ha god helse.

Velferdsstaten vil ta ansvaret for at innbyggjarane skal kunne bruke helsetenestene, og at alle får den behandlinga dei treng, uavhengig av personleg økonomi. Det finst derfor ulike økonomiske ordningar som skal sikre dette.

Teieplikt

Alle som arbeider i helsevesenet, har teieplikt. Det tyder at dei ikkje kan gje opplysningar om pasienten til nokon utan at pasienten sjølv godkjenner det.