Ulike helseordningar
Fastlegeordning
Alle innbyggjarar har rett til å ha ein allmennpraktiserande lege som sin faste lege. Det er til denne fastlegen ein fyrst skal vende seg om ein blir sjuk. Fastlegen har plikt til å hjelpe sine eigne pasientar før andre. Det er fastlegen som tilviser pasientar vidare til spesialisthelsetenesta. Her kan ein byte fastlege og finne annan viktig informasjon om helse: https://helsenorge.no
Legen har teieplikt og kan ikkje fortelje til nokon andre det pasienten og legen har snakka om, utan at pasienten godkjenner det.
Apotek
Apoteka sel medisinar og kan også gje helseråd og råd om bruk av ulike legemiddel. Dei fleste medisinar får ein berre kjøpt på apotek. Nokre legemiddel, som til dømes milde smertestillande medisinar, kan du også kjøpe i matbutikken eller på bensinstasjonar. Prisane kan variere frå apotek til apotek, og frå butikk til butikk.
Mange legemiddel er på resept. Det vil seie at du ikkje får kjøpt dei utan fyrst å ha snakka med legen. Legen må skrive ein resept der det står kva slags medisin du skal ha, og korleis han skal brukast.
Medisinar på blå resept
Dersom du har ein kronisk sjukdom som krev langvarig behandling, det vil seie ein sjukdom som varer lenge, og som krev at du bruker medisin eller anna materiell i minimum tre månader i løpet av eitt år, kan du få medisinen på blå resept. Når du får ein medisin på blå resept, tyder det at du ikkje betaler alt det medisinen kostar. Du betaler berre ein eigendel, medan staten betaler mesteparten av kostnadene.
Eigendelen til medisinar på blå resept tel saman med eigendelar hos lege for å få frikort.
Tannlege
Barn og unge blir kalla inn til jamlege tannkontrollar fram til dei er 18 år gamle. Det offentlege betaler for denne tannlegebehandlinga. Ungdom mellom 18 og 20 år betaler 25 prosent av kostnadene til tannbehandling, medan det offentlege betaler 75 prosent. Vaksne over 20 år betaler vanlegvis full pris for tannlegebehandlingar. Vaksne må sjølv oppsøkje ein privat tannlege, og det er vanleg å gå til kontroll hos tannlegen éin gong i året.
Dersom eit barn eller ein ungdom treng tannregulering, må foreldra betale ein eigendel for dette.
Sjukehusinnlegging
Det er gratis å liggje på sjukehus. Alle kostnader til behandling, opphald og mat blir dekte av det offentlege.
Du kan sjølv velje sjukehus dersom innlegginga er planlagd på førehand. Det kan vere forskjellig ventetid på behandling, så det kan løne seg å sjekke på http://www.frittsykehusvalg.no/.
Det finst også nokre svært få private sjukehus i Noreg. Dersom du vel eit privat sjukehus, må du betale for behandlinga sjølv.
Poliklinisk behandling ved sjukehus
Poliklinisk behandling vil seie at du får behandling ved eit sjukehus, men at du ikkje er innlagt på sjukehuset. Du kjem til ein timeavtale og reiser heim når behandlinga er ferdig. Når du får poliklinisk behandling, betaler du ein eigendel på same måte som når du går til fastlegen eller til ein legespesialist.
Legespesialist
Ein legespesialist er til dømes ein gynekolog, ein hudlege, ein øyre-nase-hals-lege, eller ein spesialist i barnesjukdomar.
For å få time hos ein legespesialist bør ein ha tilvising frå fastlegen eller ein annan allmennlege. Dersom ein ikkje har tilvising, må ein betale ein høgare eigendel.
Ambulanse
Dersom du treng ambulanse, kan du ringje naudtelefonen 113. Då kjem du til ambulansesentralen. Det er viktig at du gjev korrekt informasjon:
Kven er du?
(namn, telefonnummer, kvar du ringjer frå)
Kva har hendt?
(kor mange er skadde, er det alvorlege skader osv.)
Kvar er du?
(nøyaktig adresse eller opplysning om stad)
Legevakt
Dersom du treng helsehjelp utanom opningstidene til fastlegen, kan du kontakte legevaktsentralen (116 117).
Alle kommunar i Noreg har ei legevaktordning. Legevakta er open om kvelden, om natta og i helgene, når vanlege legekontor er stengde.
På legevakta må ein betale ein eigendel for behandlinga. Utgifter til materiell, prøvar og liknande kjem i tillegg.
Du bør sjekke kvar den nærmaste legevakta ligg.