Helse

Ulike helseordningar

Fastlegeordning

Alle innbyggjarar har rett til å ha ein allmennpraktiserande lege som sin faste lege. Det er til denne fastlegen ein fyrst skal vende seg om ein blir sjuk. Fastlegen har plikt til å hjelpe sine eigne pasientar før andre. Det er fastlegen som tilviser pasientar vidare til spesialisthelsetenesta. Her kan ein byte fastlege og finne annan viktig informasjon om helse: https://helsenorge.no

Legen har teieplikt og kan ikkje fortelje til nokon andre det pasienten og legen har snakka om, utan at pasienten godkjenner det.

Apotek

Apoteka sel medisinar og kan også gje helseråd og råd om bruk av ulike legemiddel. Dei fleste medisinar får ein berre kjøpt på apotek. Nokre legemiddel, som til dømes milde smertestillande medisinar, kan du også kjøpe i matbutikken eller på bensinstasjonar. Prisane kan variere frå apotek til apotek, og frå butikk til butikk.

Mange legemiddel er på resept. Det vil seie at du ikkje får kjøpt dei utan fyrst å ha snakka med legen. Legen må skrive ein resept der det står kva slags medisin du skal ha, og korleis han skal brukast.

Medisinar på blå resept

Dersom du har ein kronisk sjukdom som krev langvarig behandling, det vil seie ein sjukdom som varer lenge, og som krev at du bruker medisin eller anna materiell i minimum tre månader i løpet av eitt år, kan du få medisinen på blå resept. Når du får ein medisin på blå resept, tyder det at du ikkje betaler alt det medisinen kostar. Du betaler berre ein eigendel, medan staten betaler mesteparten av kostnadene.

Eigendelen til medisinar på blå resept tel saman med eigendelar hos lege for å få frikort.

Eigendel medisinar på blå resept

Tannlege

Barn og unge blir kalla inn til jamlege tannkontrollar fram til dei er 18 år gamle. Det offentlege betaler for denne tannlegebehandlinga. Ungdom mellom 18 og 20 år betaler 25 prosent av kostnadene til tannbehandling, medan det offentlege betaler 75 prosent. Vaksne over 20 år betaler vanlegvis full pris for tannlegebehandlingar. Vaksne må sjølv oppsøkje ein privat tannlege, og det er vanleg å gå til kontroll hos tannlegen éin gong i året.

Eigendel hos tannlege for ungdom 18-20 år

Dersom eit barn eller ungdom treng tannregulering, må foreldra betale ein eigendel for dette.

Jente med tannregulering

Sjukehusinnlegging

Det er gratis å liggje på sjukehus. Alle kostnader til behandling, opphald og mat blir dekte av det offentlege.

Du kan sjølv velje sjukehus dersom innlegginga er planlagd på førehand. Det kan vere forskjellig ventetid på behandling, så det kan løne seg å sjekke på http://www.frittsykehusvalg.no/.

Det finst også nokre svært få private sjukehus i Noreg. Dersom du vel eit privat sjukehus, må du betale for behandlinga sjølv.

Eigendel ved sjukehusinnlegging

Poliklinisk behandling ved sjukehus

Poliklinisk behandling vil seie at du får behandling ved eit sjukehus, men at du ikkje er innlagt på sjukehuset. Du kjem til ein timeavtale og reiser heim når behandlinga er ferdig. Når du får poliklinisk behandling, betaler du ein eigendel på same måte som når du går til fastlegen eller til ein legespesialist.

Legespesialist

Ein legespesialist er til dømes ein gynekolog, ein hudlege, ein øyre-nase-hals-lege, eller ein spesialist i barnesjukdomar.

For å få time hos ein legespesialist bør ein ha tilvising frå fastlegen eller ein annan allmennlege. Dersom ein ikkje har tilvising, må ein betale ein høgare eigendel.

Ambulanse

Dersom du treng ambulanse, kan du ringje naudtelefonen 113. Då kjem du til ambulansesentralen. Det er viktig at du gjev korrekt informasjon:

Kven er du?
(namn, telefonnummer, kvar du ringjer frå)

Kva har hendt?
(kor mange er skadde, er det alvorlege skader osv.)

Kvar er du?
(nøyaktig adresse eller opplysning om stad)

Legevakt

Om ein treng umiddelbar helsehjelp utanom fastlegens åpningstid, kan ein kontakta legevaktsentralen (116 117)

Alle kommunar i Noreg har ein legevaktordning. Legevakten er open om kveldane, nettene og i helgene når dei vanlege legekontora er stengt.

Når ein er på legevakten, betalar ein ein egenandel for handsaminga. Utgifter til materiell, prøver og liknande kjem i tillegg.

Du bør sjekka der din næraste legevakt ligg!

Fakta

Eigendel

  • Det offentlege betaler mykje av det det kostar å gå til legen. Pasienten må sjølv betale ein eigendel, og så betaler staten resten.
  • I tillegg til eigendelen betaler pasienten for bandasjar, sprøyter, medisin, prøver og liknande.
  • Barn under 16 år betaler ikkje eigendel. Svangerskapskontrollar er også gratis.
  • Eigendelen hos fastlegen er vanlegvis 150-300 kroner per besøk.

Frikort

Når du har betalt ein bestemt sum i eigendelar i løpet av eit år, har du rett til frikort. Når du har betalt denne summen i eigendelar, får du automatisk tilsendt eit frikort frå Helseøkonomiforvaltningen (HELFO) i posten. Dette må du vise fram når du går til legen eller skal kjøpe medisinar på blå resept. Då slepp du å betale eigendelar resten av kalenderåret.

Du finner mer informasjon på: https://helsenorge.no