Barn og helse
Svangerskapskontroll og fødsel
Spedbarnsdødelegheita i eit samfunn er påverka av levestandard, helsetilbod og medisinske framsteg, i tillegg til trygder og andre velferdsgode for foreldre og barn. I Noreg i dag er spedbarnsdødelegheita låg samanlikna både med dei fleste andre land og tidlegare tider.
Gravide kvinner i Noreg har rett til gratis svangerskapskontrollar. Det er helsestasjonane eller fastlegane som utfører kontrollane. Kontrollane er frivillige, og målet er å sikre mors og barns helse under graviditeten, under fødselen og etter fødselen. I Noreg blir det rådd til å gå til kontroll åtte til tolv gonger i løpet av svangerskapet. Dei fleste føder på sjukehus, og dette er gratis.
Alle barn og unge som bur i Noreg, får tilbod om jamlege helsekontrollar. Frå barna er babyar og fram til skulestart, går desse helsekontrollane føre esg på helsestasjonen. Etter at barna har byrja på skulen, er det skulehelsetenesta som sørgjer for kontrollane. Det finst også helsestasjonar for ungdom i alle kommunar. Tenestene på helsestasjonane og skulehelsetenesta er gratis.
På helsestasjonen sjekkar ein korleis barnet utviklar seg, om det veks som det skal og legg på seg som normalt, om syn og hørsel fungerer bra, og om barnet lærer å forstå og snakke. Dersom det er problem med barnets utvikling, vil helsestasjonen sørgje for hjelp og rettleiing.
Alle barn og unge som bur i Noreg, får også tilbod om vaksinasjon mot alvorlege sjukdomar. Vaksinane vernar mot sjukdomane på ein enkel, effektiv og ufarleg måte. Vaksinasjon er frivillig, men styresmaktene i Noreg rår sterkt til at foreldre får vaksinert barna.
Vaksinane i vaksinasjonsprogrammet er gratis. Ekstra vaksinar, til dømes i samband med reiser til utlandet, må du betale for sjølv.