Helse

Eldre og helse

Alle eldre menneske i Noreg får alderspensjon. Storleiken på denne pensjonen varierer etter tidlegare arbeidsinntekter.

Dei fleste eldre i Noreg bur i sin eigen heim. Ein del får hjelp frå kommunen (heimesjukepleie, heimehjelper, tilbod om plass på kommunalt dagsenter, osv.), men mange greier seg heilt på eiga hand eller berre med hjelp frå familien sin.

Ei eldre dame får medisinsk hjelp
Når ein ikkje lenger greier seg sjølv, kan ein søkje om plass på sjukeheim. Men berre halvparten av dei over 90 år bur på sjukeheim.

Dei som bruker heimetenester, betaler ein eigendel for desse tenestene. Kommunen betaler resten av det tenesta kostar. Kor stor eigendelen er, varierer mykje frå kommune til kommune.

Personar som bur på sjukeheim, betaler også ein eigendel. Ein sjukeheimsplass kostar totalt ca. 800 000 kroner i året. Kor mykje brukaren sjølv betaler, er avhengig av inntekt.

Eldre person i rullestol Eldre mann på sjukeheim

Eldre menneske har ofte spesielle helseproblem:

  • Når vi blir eldre, blir kroppen meir sliten. Vi har kanskje meir vondt i musklar og ledd, og vi orkar ikkje å gjere så mykje som før. Dette kan igjen føre til depresjon og isolasjon.
  • Ca. 100 000 eldre menneske i Noreg lider av depresjonar. Dette kan kome av at helsa generelt er dårlegare enn før. Men det kan også kome av einsemd og isolasjon.
  • Det er vanleg at minnet sviktar hos eldre menneske, og mange utviklar demens. Demens er ein tilstand der hjernen er skadd, og både minne, kjensleliv og sosial funksjonsevne blir skadde.
  • Nokre mister matlysta når dei blir eldre. Dette kan føre til at dei blir underernærte eller feilernærte. Då kan immunforsvaret bli dårlegare, slik at dei lettare blir utsette for sjukdomar eller infeksjonar.

 

Fakta

Folkehelsa

Folkehelsa i Noreg har vorte vesentleg betre i løpet av dei siste 100 åra. Dette kjem i stor grad av at velferdssamfunnet har utvikla seg og gjeve fleire og fleire stadig betre utsikter til å leve gode og trygge liv. Folk i Noreg lever lenger i dag enn tidlegare. Mange eldre er også friskare enn før. Dette gjev høve til å leve eit godt og aktivt liv lenge.