Helse

Psykisk helse

Psykiske plager kan ramme alle menneske i ulike periodar i livet. Det kan vere mange årsaker til at ein utviklar psykiske lidingar. Det kan vere vanskelege situasjonar i livet, som familieproblem eller ein problematisk arbeidssituasjon. Nokre gonger kan psykiske lidingar kome etter kriser, dødsfall, ulukker eller opplevingar i krigssituasjonar. Nokre personar kan vere arveleg disponerte for å utvikle psykiske lidingar, og stress kan vere ein utløysande faktor.

Synet på psykisk helse har endra seg over tid. I dag vil eit fleirtal av befolkninga i Noreg ha ei open og forståingsfull haldning til psykisk sjukdom. Folk flest meiner at psykisk sjuke må få behandling og hjelp frå helsevesenet på lik linje med dei som har fysiske lidingar. Ein har også tru på at det er mogleg å bli frisk av psykiske lidingar.

Migrasjonsprosessen

Dei fleste menneske som flyttar til eit nytt land, opplever det vi kallar ein psykisk migrasjonsprosess: I den fyrste perioden er livet bra, og ein er positivt innstilt til det nye landet. Etter ei tid vil mange kjenne seg deprimerte og ha mange negative tankar om det nye landet. Etter kvart vil livet stabilisere seg for dei fleste.