Arbeid og velferd
At flest mogleg av oss er i løna arbeid, gjev høgare skatteinntekter til staten og kommunane. Dette er ein god ting for samfunnet på fleire måtar:
- Det blir meir pengar til skule, helsevesen, vegar, osv.
- Vi får pengar til å gjere velferdsgoda endå betre.
- Dei offentlege utgiftene blir lågare (dagpengar ved arbeidsløyse, sosialstønad, trygdeutbetalingar, osv.).
Sidan slutten av 1960-talet har Noreg vore ein oljenasjon. Ein oljenasjon er eit land der olje og oljeindustri er ein viktig næringsveg. Den norske staten tener mykje på eksport av olje og gass.
Inntekter frå olje- og gassproduksjon er med på å betale for velferdssamfunnet. Omtrent ein fjerdedel av dei offentlege utgiftene blir dekt av desse inntektene. Resten av dei offentlege utgiftene blir dekt av skattar og avgifter.
Det er ikkje berre samfunnet som nyt godt av at vi er i arbeid. For dei fleste vaksne menneske er det ein god ting å ha ein jobb å gå til.
Arbeid kan gje oss
- økonomiske moglegheiter
- sjølvstende og ein meiningsfylt kvardag
- sosial status og sosiale relasjonar
- moglegheit til å bruke evner og kompetanse
- høve til å bidra til samfunnet og kjenne oss nyttige