Arbeidsliv

Historisk utvikling

For 150 år sidan var jordbruk, skogbruk og fiske dei viktigaste næringane i Noreg. Mykje har endra seg sidan då. På slutten av 1800-talet vart det bygd fabrikkar, og mange flytta til byane og byrja å arbeide i industrien. I løpet av den fyrste halvdelen av 1900-talet vart det skapt mange nye industriarbeidsplassar. Samstundes reiste mange nordmenn til USA og busette seg der.

I 1950 arbeidde 20 prosent av befolkninga med jordbruk. I dag har denne delen gått ned til under tre prosent. Likevel blir det produserte meir matvarer i Noreg enn før. Dette skriv seg i stor grad frå at vi i dag har maskiner som gjer det lettare og meir effektivt å arbeide med jordbruk.

I løpet av dei siste 30 åra har det igjen skjedd store endringar i arbeidsmarknaden i Noreg. Det har blant anna vore ein sterk tilbakegang i talet som arbeider i industrien.

Etter at det vart funne olje i Nordsjøen på slutten av 1960-talet, vart olje- og gassproduksjon ein viktig del av den norske industrien. Olje og gass har mykje å seie for norsk økonomi.

I dag finn vi dei fleste jobbane i serviceyrka. Det tyder at den som vil ha jobb i Noreg, har gode sjansar til å få jobb i til dømes butikk, helsevesenet, skule og barnehage eller innanfor persontransport. Mange vil også kunne finne arbeid i yrke som har med utvikling av ny informasjonsteknologi å gjere.