Rettar og plikter i arbeidslivet
Arbeidslivet i Noreg blir styrt av mange lover og avtalar, til dømes arbeidsmiljølova og ferielova.
Politikarane på Stortinget vedtek lovene, medan arbeidsgjevarar og arbeidstakarar blir samde om avtalar gjennom fagforeiningane sine.
Lovene gjeld for alle arbeidsgjevarar og arbeidstakarar, medan avtalane gjeld for bestemte yrkesgrupper.
Døme på lovbestemte rettar:
- Alle arbeidstakarar i Noreg har rett til ein arbeidskontrakt. Kontrakten skal blant anna innehalde avtalt løn og arbeidstid.
- Ei normal arbeidsveke er 37,5 timar.
- Arbeidstakarar i Noreg har rett til minimum 25 virkedagar med ferie i løpet av eitt år.
- Arbeidstakarar i Noreg har rett til å vere borte frå jobben med full løn eit visst tal dagar dersom dei sjølve eller barna er sjuke.
- Arbeidstakarar som får barn, har rett til permisjon med løn.