Organisasjonar og medråderett
Organisasjonar i arbeidslivet
- Både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar har eigne organisasjonar. Den største arbeidstakarorganisasjonen heiter LO, og den største arbeidsgjevarorganisasjonen heiter NHO. Organisasjonane sine oppgåver er blant anna å forhandle om løn og arbeidstid.
- Når arbeidsgjevarar og arbeidstakarar blir samde om slike ting, blir det laga ein avtale. Desse avtalane gjeld vanlegvis i to år. Både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar har plikt til å følgje avtalane.
- Arbeidstakarane sine interesseorganisasjonar kallar vi fagforeiningar, og i Noreg er mange arbeidstakarar medlem av ei slik foreining.
- Medlemene betaler ein sum for å vere med i fagforeininga.
Medverknad i arbeidslivet
For å skape eit godt miljø på arbeidsplassen må arbeidsgjevaren og arbeidstakarane samarbeide om dei ulike avtalane. I norsk arbeidsliv er det derfor tilrettelagt for medråderett og bedriftsdemokrati på fleire måtar. Den enkelte arbeidstakaren skal bli høyrd og få vere med å leggje til rette for sin eigen arbeidssituasjon. Gjennom fagforeininga deltek dei tilsette i drøftingar og får informasjon om verksemda.
Større bedrifter er pålagde å sørgje for helse-, miljø- og sikkerheit (HMS) på arbeidsplassen. Dette arbeidet skal organiserast og følgjast opp av både ein representant for dei tilsette og ein representant for leiinga.