Arbeidsliv

Organisasjonar og medråderett

Organisasjonar i arbeidslivet

  • Både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar har eigne organisasjonar. Den største arbeidstakarorganisasjonen heiter LO, og den største arbeidsgjevarorganisasjonen heiter NHO. Organisasjonane sine oppgåver er blant anna å forhandle om løn og arbeidstid.
  • Når arbeidsgjevarar og arbeidstakarar blir samde om slike ting, blir det laga ein avtale. Desse avtalane gjeld vanlegvis i to år. Både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar har plikt til å følgje avtalane.
  • Arbeidstakarane sine interesseorganisasjonar kallar vi fagforeiningar, og i Noreg er mange arbeidstakarar medlem av ei slik foreining.
  • Medlemene betaler ein sum for å vere med i fagforeininga.

Medverknad i arbeidslivet

For å skape eit godt miljø på arbeidsplassen må arbeidsgjevaren og arbeidstakarane samarbeide om dei ulike avtalane. I norsk arbeidsliv er det derfor tilrettelagt for medråderett og bedriftsdemokrati på fleire måtar. Den enkelte arbeidstakaren skal bli høyrd og få vere med å leggje til rette for sin eigen arbeidssituasjon. Gjennom fagforeininga deltek dei tilsette i drøftingar og får informasjon om verksemda.

Større bedrifter er pålagde å sørgje for helse-, miljø- og sikkerheit (HMS) på arbeidsplassen. Dette arbeidet skal organiserast og følgjast opp av både ein representant for dei tilsette og ein representant for leiinga.

Fakta

LO er den største arbeidstakarorganisasjonen.

NHO er den største arbeidsgjevarorganisasjonen. Landsorganisasjonen (LO) Næringslivets hovedorganisasjon (NHO)