Arbeidsliv

Velferdssamfunnet skaper arbeidsplassar

Mange ulike yrkesgrupper må til for at det norske velferdssamfunnet skal kunne fungere.

Her er nokre døme:

  • lærarar, kontorpersonell, reingjeringspersonell og andre tilsette i skulen
  • legar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, kontorpersonell, reingjeringspersonell og andre tilsette på sjukehus og sjukeheim
  • saksbehandlarar, kontorpersonell og andre tilsette i NAV

Dei fleste som arbeider med utdannings- og helsetilbod i Noreg, er offentleg tilsette. Det tyder at dei arbeider i staten, fylkeskommunen eller kommunen. Det offentlege kjøper også nokre gonger forskjellige tenester frå private firma. Eit døme på dette er fastlegeordninga, der kommunen og staten betaler tilskot til private legar.

Fakta

Eit velferdssamfunn treng mange arbeidstakarar!

Ca. 30 % av dei yrkesaktive i Noreg i dag arbeider i det offentlege.