Arbeidsliv

Jobbsøking

Sjølv om arbeidsløysa i Noreg er låg, kan det vere stor konkurranse om ledige jobbar. Den som vil ha ein jobb, må sjølv vere aktiv. Det er viktig å bruke kontaktar og nettverk, og vise at du er interessert i å jobbe. Mange ledige jobbar blir annonserte på nett eller i avisa.

Når du har funne ein jobb du har lyst på, må du skrive ein søknad og levere ein cv. Deretter blir du kanskje beden om å kome på eit intervju hos arbeidsgjevaren.

Før du skal på intervju, bør du førebu deg godt. Skaff deg informasjon om bedrifta. Kanskje du kan lese om bedrifta på Internett, eller kanskje du kan spørje nokon som kjenner bedrifta?

Tenk også gjennom kva du vil svare på ulike spørsmål. Kva trur du arbeidsgjevaren vil spørje deg om? Kva vil du svare?

Fakta

Jobbsøknad

Ein jobbsøknad inneheld desse punkta:

  • kort om deg sjølv og kva du gjer no
  • kort om bakgrunnen din
  • kvifor du passar til jobben

Det er vanleg å levere søknader elektronisk på Internett eller via e-post.

Cv

Ein cv er eit dokument som gjev ei kortfatta oversikt over utdanninga og arbeidserfaringa di. Ein cv inneheld gjerne desse punkta:

  • personalia
  • nøkkelkvalifikasjonar
  • utdanning
  • yrkeserfaring
  • annen informasjon om deg sjølv
  • referansar

Tips til jobbintervju

  • Ver ute i god tid når du skal på eit intervju. Sjekk kvar bedrifta ligg, og korleis du kjem deg dit.
  • Tenk på kva slags klede du har på deg, og kva inntrykk du gjev.
  • Eit fast handtrykk og blikkontakt er viktig og riktig.
  • Ver positiv, smil og prøv å få god kontakt med dei du snakkar med på intervjuet.