Arbeidsliv

Løn og skatt

I Noreg er det vanleg å snakke om årsløn. Gjennomsnittleg brutto årsløn for heiltidstilsette ligg rundt 500 000 kroner i året. Kvinner tener i gjennomsnitt litt mindre enn menn. Sjå SSB si nettside: Lønn, alle ansatte.

Det er vanleg å få utbetalt løn på ein fast dato éin gong i månaden. Nettoløna blir sett rett inn på arbeidstakaren sin bankkonto. Arbeidstakaren får også ein lønsslipp som viser kor mykje han eller ho har tent, og kor mykje han eller ho har betalt i skatt.

Arbeidsgjevaren pliktar å trekkje skatt frå bruttoløna til arbeidstakaren før løna blir utbetalt. Arbeidsgjevaren overfører skattepengane til det offentlege.

Den norske samfunnsmodellen er heilt avhengig av at innbyggjarane betaler ulike skattar og avgifter. Skattar og avgifter finansierer blant anna velferdsgoda våre. Alle arbeidstakarar i Noreg betaler skatt til kommunen dei bur i og til staten. Arbeidsgjevarar betaler også skatt til kommune og stat.

Kor mykje skatt kvar enkelt arbeidstakar betaler, varierer. Generelt kan vi seie at til høgare inntekt personen har, til høgare prosentdel betaler han eller ho i skatt. Renteutgifter, kor mykje vi betaler til barnepass, og kor høge reiseutgifter vi har til jobben, er også med på å avgjere kor mykje skatt vi skal betale. I gjennomsnitt betaler ein arbeidstakar ca. 25 prosent av bruttoløna si i skatt.

Fakta

Skattekort

Alle som arbeider, må ha skattekort. Skattekort bestiller du på Skatteetaten.

Lønsslipp

Alle som får utbetalt løn, skal få ein lønsslipp. Lønsslippen er ei kvittering på betalt skatt.

Bruttoløn

Dette er løna du får før skatt, pensjonsinnbetaling og anna er trekt frå.

Nettoløn

Dette er løna du får utbetalt etter at skatt, pensjonsinnbetaling og anna er trekt frå.