Arbeidsliv

Svart arbeid

Svart arbeid er ulovleg og reknes som økonomisk kriminalitet. Både arbeidsgjevarar og arbeidstakarar kan bli straffa for svart arbeid.

Svart arbeid er umoralsk. Ein arbeidstakar som ikkje betaler skatt, bidreg ikkje til fellesskapet. På denne måten er det å arbeide svart nesten det same som å stele frå dei andre i samfunnet.

Kvart år mister staten mange millionar kroner i skatteinntekter, arbeidsgjevaravgifter og trygdeavgifter på grunn av svart arbeid. Dette er pengar som skulle ha vore med på å betale for velferdssamfunnet.

I tillegg til å vere ulovleg og umoralsk kan svart arbeid få store økonomiske og andre konsekvensar for arbeidstakaren:

  • inga løn under sjukdom
  • ingen feriepengar
  • ingen pensjonspoeng
  • ikkje rett til dagpengar ved arbeidsløyse
  • inga arbeidsulukkesforsikring
  • ikkje høve til å låne pengar i banken
  • ingen arbeidsavtale – ingen sluttattest – inga dokumentert arbeidserfaring – vanskeleg å få nytt arbeid

Fakta

Svart arbeid er både umoralsk og ulovleg!

Å arbeide svart tyder å jobbe utan kontrakt og utan å betale skatt. Arbeidsgjevaren betaler heller ikkje arbeidsgjevaravgift eller trygdeavgift for arbeidstakaren.