Utdanning og kompetanse

Barnehagen er eit pedagogisk tilbod

Barn og voksen i barnehage

I barnehagen lærer barna mange ting:

  • Dei får erfaring i vere saman med andre barn.
  • Dei lærer å ta omsyn til andre.
  • Dei blir meir sjølvstendige.
  • Dei lærer mykje faktakunnskap.
  • Dei blir betre førebudde til å byrje på skulen.

Personalet bruker mykje tid på å planleggje kva barna skal lære i barnehagen. Når dei planlegg desse aktivitetane, må dei ta utgangspunkt i barnehagelova og andre reglar og planar som styresmaktene har fastsett. Foreldra får informasjon frå barnehagen om måla for arbeidet i barnehagen og om aktivitetane barna skal vere med på.

Uteleik i barnehagen

Foreldra blir inviterte til foreldremøte og individuelle foreldresamtalar. På foreldremøta kan foreldra bli kjende med kvarandre og snakke saman om korleis det er å ha små barn. Foreldre som ikkje snakkar norsk, har rett til å ha med seg tolk på foreldremøte.

Finansiering

Stortinget fastset kvart år ein makspris for barnehageplassar i Noreg. Ingen foreldre skal betale meir enn denne maksprisen. Dette gjeld anten barnehagen er offentleg eller privat eigd. I tillegg kan det kome kostnader til mat, turar og andre ting.

Kor mykje det kostar å ha barn i barnehage, varierer likevel frå kommune til kommune. I nokre kommunar kan familiar med låg inntekt søkje om redusert betaling, medan andre kommunar har same pris for alle, uansett inntekt. Nokre kommunar gjev redusert pris dersom ein har fleire barn i same barnehage, medan andre kommunar ikkje har ei slik ordning.

Les meir på:
http://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/barnehage/foreldrebetaling

 

Fakta

Barnehagen

Barnehagen er ikkje obligatorisk, men nesten alle barn i Noreg går i barnehage før dei begynner på skulen.

Barnehagane må følgje det som står i barnehagelova. Dei tilsette må derfor følgje lova når dei planlegg aktivitetane i barnehagen.

Det er ikkje gratis å ha barn i barnehage. Foreldra betaler ein eigendel kvar månad, mens resten av det plassen kostar, blir dekt av det offentlege.