Utdanning og kompetanse

Grunnskule

Småskulebarn Ungdomsskuleelevar

Nokre fakta om grunnskulen

  • Alle barn har rett til grunnskuleopplæring i ti år. Barna byrjar i fyrste klasse det året dei fyller seks år.
  • Alle barn har rett til å få tilpassa undervisning, og elevar som treng ekstra hjelp, skal få det.
  • Elevane på barnesteget får ei munnleg eller skriftleg vurdering, men ikkje karakterar.
  • Elevane på ungdomssteget får karakterar i alle fag. Karakterskalaen går frå 1 til 6, der 1 er dårlegast, og 6 er best.
  • Alle barn i grunnskulen blir automatisk flytta opp til neste klassesteg etter sommarferien. Dette skjer uavhengig av skuleresultata barnet har fått. Ingen barn går to år på same klassesteget.
  • Grunnskulen er organisert på same måten over heile landet. Det er til dømes 190 skuledagar kvart år for alle, men politikarane i kvar kommune avgjer tidspunktet for dei forskjellige ferie- og fridagane skal leggjast.
  • Alle elevar blir underviste etter same læreplan. Det er politikarane på Stortinget som vedtek desse læreplanane. Barna får altså ganske lik utdanning uansett kva kommune i landet dei bur i.
  • I tillegg til offentlege grunnskular finst det nokre private skular. Berre ca. 2,5 prosent av barna i Noreg går på private skular.

Fellesskulen

Opplæringslova seier at alle barn, uavhengig av evner og føresetnader, har rett til å få tilpassa opplæring på den skulen dei høyrer til. Dette politiske prinsippet kallar vi fellesskulen.

Finansiering av grunnskulen

Grunnskulen er gratis for elevane og foreldra. Elevane låner lærebøker på skulen, og dei får skrivebøker, blyantar og liknande.

Det er det offentlege som betaler alle utgifter. Dei største utgiftene er løn til lærarane og bygging og drift av skulebygningar.

På private skular betaler familien skulepengar. Dei betaler likevel berre ein eigendel, medan staten betaler resten av det skuleplassen eigentleg kostar.

Fakta

SFO (skulefritidsordning) eller AKS (aktivitetsskule)

I alle kommunar bortsett frå Oslo heiter det skulefritidsordning (SFO). I Oslo er namnet på den same tenesta aktivitetsskule (AKS).

Alle kommunar har tilbod om SFO/AKS for elevar frå 1. til 4. klasse.

SFO/AKS er eit frivillig tilbod til familiar som treng hjelp til å passe på barna før og etter vanleg skuletid, til dømes fordi foreldra er på jobb.

SFO/AKS er ikkje eit pedagogisk tilbod, men ofte kan barna få hjelp med leksene på her.

Det er ikkje gratis å ha barn i SFO/AKS. Foreldra betaler ein eigendel kvar månad, medan resten av det plassen eigentleg kostar, blir betalt av det offentlege. Eigendelen varierer frå kommune til kommune. I nokre kommunar kan familiar med låge inntekter søkje om redusert betaling, mens andre kommunar har den same prisen for alle, uavhengig av inntekt. Nokre kommunar gir rabatt dersom ein har fleire barn i same ordning, andre ikkje.

Disiplin

Lærarane har ikkje lov til å bruke nokon former for vald mot elevane. Disiplin i skulen skal gå føre seg på ein måte som er i tråd med barnets menneskeverd. Lærarane skal vise elevane respekt, og elevane skal vise læraren respekt.