Utdanning og kompetanse

Verdigrunnlaget til skulen

Aktiv elev

Likskap og likeverd og fridomen til individet til å ta eigne val, er grunnleggjande verdiar i det norske samfunnet. Desse verdiane er også viktige i skulen. Undervisninga og aktivitetane i skulen skal lære elevane at alle menneske har like stor verdi. Elevane skal ha påverknad på skulekvardagen sin, og dei lærer tidleg å ta ansvar for eiga læring. Skulen pliktar til å tilby alle elevar opplæring på det nivået som passar den einskilde best.

Skulen har som mål å utdanne sjølvstendige menneske med gode sosiale og skulefaglege ferdigheiter.

I eit moderne demokrati blir det venta at innbyggjarane både har kunnskapar og sjølvstendige meiningar, og at dei deltek aktivt i arbeids- og samfunnsliv. Skulen skal gje barna god allmennkunnskap. Det betyr at barna skal lære om mange ulike tema. Dei skal lære språk, matematikk og om samfunnet og naturen rundt seg.

Skulen har mange oppgåver i tillegg til å gje barna gode allmennkunnskapar, for eksempel skal barna lære:

  • å leite etter informasjon og vurdere denne informasjonen kritisk
  • å skape eigne meiningar på bakgrunn av informasjon og eiga vurdering
  • å argumentere for meiningane sine

Ungdomsskuleelevar

Formålet med opplæringa (opplæringslova)

  • Opplæringa i skole og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring.
  • Opplæringa skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som òg kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane.
  • Opplæringa skal bidra til å utvide kjennskapen til og forståinga av den nasjonale kulturarven og vår felles internasjonale kulturtradisjon.
  • Opplæringa skal gi innsikt i kulturelt mangfald og vise respekt for den einskilde si overtyding. Ho skal fremje demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte.
  • Elevane og lærlingane skal utvikle kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal få utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong.
  • Elevane og lærlingane skal lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljøbevisst. Dei skal ha medansvar og rett til medverknad.
  • Skolen og lærebedrifta skal møte elevane og lærlingane med tillit, respekt og krav og gi dei utfordringar som fremjar danning og lærelyst. Alle former for diskriminering skal motarbeidast.

Fakta

Skulen skal:

  • gje alle elevar like gode sjansar til å utvikle evner og talent individuelt og i samarbeid med andre
  • stimulere lærelyst, evne til å halde ut og nysgjerrigheit
  • stimulere elevane til å utvikle eigne læringsstrategiar og evne til kritisk tenking
  • stimulere elevane i personleg utvikling og i styrking av eigen identitet, i det å utvikle etisk, sosial og kulturell kompetanse og evne til demokratiforståing og demokratisk deltaking
  • leggje til rette for elevmedverknad og for at elevane skal gjere medvitne verdival og val av utdanning og framtidig arbeid
  • sikre at det fysiske og psykososiale arbeids- og læringsmiljøet fremjar helse, trivsel og læring
  • leggje til rette for samarbeid med heimen og sikre at foreldra får medansvar i skulen