Samarbeid med heimen
Foreldra har ansvar for oppsedinga av barna sine. Skulen ønskjer å samarbeide med foreldra og støtte dei med denne oppgåva. For at barna skal lære mest mogleg på skulen, er det viktig at skulen og heimen samarbeider.
Det er viktig at eleven, foreldra og læraren snakkar saman. Dei må snakke om den faglege utviklinga og om korleis eleven har det på skulen. Det skal vere minst to slike samtalar kvart år.
Det er viktig å lese og setje seg inn i all skriftleg informasjon frå skulen. Barna får gjerne lekseplanar og/eller periodeplanar. På desse planane kan ein lese om kva klassen arbeider med i dei ulike faga. Viktige meldingar til foreldre eller føresette står også på desse planane. Foreldra kan kontakte læraren eller andre på skulen dersom det er noko dei lurer på.
Det er vanleg at foreldra møter læraren og dei andre foreldra. Dei snakkar om klassen og klassemiljøet og om planar og aktivitetar. Det skal vere minst to foreldremøte kvart år. Det er fint å bli kjent med dei andre foreldra på slike møte.