Fakta
Grunnskulen og vidaregåande skule
Ungdomar er ferdige med grunnskulen når dei er ca. 16 år. Det finst ikkje mange jobbar for så unge menneske, og dei aller fleste vel derfor å halde fram på vidaregåande skule.
I tillegg til offentlege vidaregåande skular finst det ein del private skular. På private skular betaler familien skulepengar. Dei betaler likevel berre ein eigendel, medan staten betaler resten av det skuleplassen eigentleg kostar.
I dei fleste yrke og jobbar i samfunnet i dag er det nødvendig med utdanning frå vidaregåande skule eller høgare utdanning. Det er også nødvendig for velferdssamfunnet at flest mogleg tek utdanning. På denne måten kan vi halde verdiskapinga oppe og skape nye arbeidsplassar. Utan eit høgt utdanningsnivå i befolkninga vil det vere vanskeleg å behalde velferdssamfunnet og alle velferdsgoda.
Vidaregåande opplæring er gratis.
Elevane låner lærebøker på skulen, men må kjøpe skrivesaker og liknande sjølv.